Landslovjubileet 2024: ​Mellomalderdiplomet frå Bjørkedalen, datert 1367 – Landslova av 1274 i eit lokalt og nasjonalt perspektiv​

I år er det 750 år sidan Magnus Lagabøte si landslov tredde i kraft som lovbok i Noreg. Sidan den gong har fleire lover kome og gått, men arven etter Landslova er framleis til stades i mellom anna språket, lovene og lokalhistoria vår.  

Diplom datert 1367, 23. april. Bjørkedal (Volda, Møre og Romsdal). Foto: Universitetsbiblioteket i Bergen.

Diplom datert 23. april 1367. Bjørkedal (Volda, Møre og Romsdal). Foto: Universitetsbiblioteket i Bergen.

I høve jubileet for Landslova i 2024 vil Aasentunet stille ut eit mellomalderdiplom frå Bjørkedalen, datert til 1367. Diplomet er eit utlån frå Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Denne unike gjenstanden var eit viktig rettsleg dokument i samtida og er i dag ei uvurderleg historisk kjelde til å forstå ulike delar av mellomaldersamfunnet både lokalt og nasjonalt.

Les meir om diplomet her: https://marcus.uib.no/instance/charter/ubb-diplom-0045.html

Dette er første gang diplomet blir vist fram for publikum. Diplomet vil berre vere mogleg å sjå i Aasentunet i ein svært avgrensa periode, frå torsdag 14. november til søndag 17. november.

I samband med utstillinga av dette diplomet inviterer vi til to gratisarrangement:

  • Utstillingsopning torsdag 14. november kl. 14.30–16.30
  • Landslov-kveld om arven etter denne lova søndag 17. november kl. 17.00–19.00.

Utstillinga og arrangementa er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Universitetsbiblioteket i Bergen og Nynorsk kultursentrum i høve Landslovjubileet 2024.

Arrangementa er opne for alle som er nysgjerrige på kva Landslova eigentleg var, og ikkje minst kva ho har hatt å seie for samfunns- og språkutviklinga fram til i dag. Begge arrangementa er gratis for alle. Kafeen i Aasentunet er open i samband med arrangementa og i dei vanlege opningstidene til museet.

Utstillingsopning torsdag 14. november

Landslova og diplomet frå Bjørkedalen, datert 1367 
14:30–14:40: Velkomst.
14:40–15:00: Innleiing ved Alexandros Tsakos (Universitetsbiblioteket i Bergen) om utstillinga, mellomalderdiploma frå Bjørkedalen og Landslovjubileet 2024.
15:00–15:20: Siri Beate Gjerde (Nynorsk kultursentrum) fortel om samanhengen mellom diploma og Moritsgarden på Bjørkedalen.
15:20–16:00: Pause med vising av diplomet frå Bjørkedalen i utstillinga.
16:00–16:30: Førsteamanuensis Egil Arne Standal (Høgskulen i Volda): Landslova som reform – Mildare straffer, omsut for dei fattige og kvinnerettsreform.

Landslov-kveld søndag 17. november

Arven etter Landslova  
17:00–17:10: Velkomst.
17:10–17:30: Innleiing ved Alexandros Tsakos (Universitetsbiblioteket i Bergen) om mellomalderdiploma frå Bjørkedalen og Landslovjubileet 2024.
17:30–17:50: Førsteamanuensis Ola Teige (Høgskulen i Volda): Verknadshistoria til Landslova.
17:50–18:20: Pause med vising av diplomet frå Bjørkedalen i utstillinga.
18:20–18:40: Førstelektor Marit Brekke (Høgskulen i Volda): Landslova i eit skriftkulturperspektiv.
18:40–19:00: Siri Beate Gjerde (Nynorsk kultursentrum): Korleis bidrog Ivar Aasen til omsetjinga av Landslova i 1858?

 

Denne teksten er opphavleg publisert på nynorsk.no.

Del på: