Logo

Logoen til Høgskulen i Volda er samansett av namnet og tilhøyrande symbol. Dei to fjelltoppane minner om det alpine landskapet høgskulen ligg i, ein vilje til å «nå til topps», eit ønske om å vere synleg og tilgjengeleg, media og kommunikasjon og dessutan dei lange tradisjonane høgskulen har som utdanningsinstitusjon.

HVO-logoen finst på norsk, på engelsk og i ein samla norsk/engelsk logo. 

Bruk

1. Luft: Logoen skal til kvar tid vere omgitt med ei rikeleg mengd luft. Minste avstand svarer til høgda på symbolet.

2. Proporsjonar: Logoen skal ikkje bli dradd eller forminska/forstørra uproporsjonalt.

3. Tilleggselement: Det skal ikkje leggast til andre element i logoen enn dei som eksisterer frå før.

4. Fargar: Ikkje bruk uautoriserte fargar på logoen. Dersom kontrasten mellom logoen og bakgrunnen blir for svak, må ein byte logo for å sikre lesbarheita.

 

Har du spørsmål? Ta kontakt med kommunikasjon@hivolda.no.

 

Logo til trykksak eller digital bruk