Endringar i opptakskrav for lærarutdanning hausten 2024
OBS! Dei siste studieprogramma med opptak hausten 2024 vart stengde for søking 20. august, dette inkluderer grunnskulelærarutdanningane.
Når ledige studieplassar blir lagt ut 20. juli, kan alle med generell studiekompetanse søke seg til grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda (HVO).
Det betyr at karakterkrava i norsk og matematikk, og dei generelle poengkrava, fell bort og at berre generell studiekompetanse gjeld som opptakskrav. Endringa er for hausten 2024 og kjem etter eit forslag frå Kunnskapsdepartementet.
Ved HVO gjeld dette både for grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn.
Korleis søker du? Du søker lokalt ved høgskulen, gjennom Søknadsweb. Sjå søkeknapp nedst på sia eller inne på studietilboda grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn og 5.–10. trinn frå 20. juli.
Har du allereie søkt? Om du har søkt grunnskulelærautdanning gjennom Samordna opptak i hovudopptaket (som hadde søknadsfrist 15. april), men ikkje oppfylte karakterkrava, må du søke på nytt frå 20. juli.
Har du spørsmål? For faglege spørsmål: Studieleiar Eivind Patrick Hanevik, e-post: eivind.patrick.hanevik@hivolda.no.
For spørsmål om opptak til studiet, e-post: sok@hivolda.no.
For generell spørsmål: Studentsørvis, telefon: 70 07 50 18 og e-post: studentsorvis@hivolda.no.
Lærarutdanninga i Volda: Høgskulen har lange og stolte tradisjonar for å utdanne lærarar, noko vi har gjort i meir enn 150 år. Vi er langt framme med digitalisering i lærarutdanninga, har spesielt gode praksisordningar i både inn- og utland og har eit svært tett forhold mellom student og lærar. Visste du at du som lærarstudent kan få sletta over 100.000 kroner av studielånet ditt? Les meir om det og det å bli lærar i Volda her.