Frammøte og fråvær

Obligatorisk undervisning

Grunnskulelærarutdanningane utdannar studentar til eit yrke som ikkje kan lærast eine og åleine gjennom å lese teori. Mykje av lærdommen må utviklast saman med andre gjennom samtalar, diskusjonar og gruppearbeid med meir. Av denne grunn er all timeplanfesta undervisingsaktivitet obligatorisk, og det er avgjerande at studentane møter førebudde og er aktive i den undervisninga.

Obligatorisk undervisning er regulert gjennom § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Alle studentar bør orientere seg om denne forskrifta, og sette seg inn i retningslinjer for obligatorisk frammøte ved HVO.

Ved for mykje fråvær vil studentane misse retten til å ta eksamen i emner.

I praksisopplæring er det krav om 100% frammøte, og retningslinjer for handsaming av fråvær i praksis finn du her.

Praktisering av § 6-6 i grunnskulelærarutdanningane

  • Studentar har ansvar for å halde oversikt over eige fråvær.
  • På syklus 1 i dei tre første studieåra er det krav om minst 80 % frammøte, medan det på syklus 2 i dei to siste studieåra er krav om minst 70% frammøte.
  • Studentar som trur dei kan kome i ein situasjon der fråværet i eitt eller fleire emne vert over 20 % på syklus 1 og over 30% på syklus 2, må så tidleg som mogleg i studieåret informere studieleiar og emneansvarleg.
  • Om frammøte ikkje er godkjent, melder emneansvarleg studenten av eksamen etter siste obligatoriske undervisningsaktivitet. Emneansvarleg varslar student og studieleiar.
  • Studenten kan sende søknad om dispensasjon frå frammøtekravet, og det er viktig at søknaden vert levert så tidleg som mogleg, seinast tre veker før eksamen. 
  • I søknaden legg ein ved eventuell dokumentasjon på fråvær, som t.d. legeattest. Studentar tek sjølve vare på slik dokumentasjon fram til eventuell søknad vert sendt inn.

Søknadsskjema 


Høgskulen i Volda har gjennom Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda regulert dei ulike fasane av studieløpet.
Her finn du regelverk og retningslinjer som forklarar deg som student kva rettar og plikter du har som student..