Lærarutdanningsskular

Bakgrunn og formål

Høgskulen i Volda har inngått partnarskap med Øyra skule, Velle skule og Ulstein ungdomsskule. Samarbeidsprosjektet tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærerutdanning 2025 (Kunnskapsdepartementet 2017).

Gjennom tett samarbeid mellom lærarutdannarar ved Høgskulen i Volda og LU-skulane, blir det arbeidd med å styrke samanhengen mellom undervisning på høgskulen og opplæring på praksisskulen. Føreseielege strukturar legg til rette for lærande fellesskap mellom likeverdige aktørar, og denne kunnskapsutviklinga skal kome både LU-skulane og grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda til gode. Partnarskapssamarbeidet skal sikre høg kvalitet i praksisopplæringa, styrke forsking- og utviklingssamarbeidet og utvikle kompetanse hjå samarbeidspartane.

Erfaringane frå samarbeidet  skal delast med andre skular i regionen og andre lærarutdanningsinstitusjonar.
 

Struktur

Prosjektkoordinator

Lærarutdanningsskulane har ein prosjektkoordinator tilsett ved Høgskulen i Volda. Koordinator har ansvar for å vere bindeledd mellom partane i samarbeidet, skape framdrift, legge til rette for møteplassar og representere lærarutdanningsskulesatsinga i ulike samanhengar. 

Styringsgruppe

Lærarutdanningsskulesamarbeidet har ei styringsgruppe. Styringsgruppa ser til at det er samanheng mellom mål og ressursar, og sikrar ansvarsfordelinga mellom partane og reforhandlar aktuelle avtalar. 

Arbeidsutval

Lærarutdanningsskulesamarbeidet har eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet si oppgåve er å initiere og legge til rette for konkret samarbeid mellom LU-skulane og Høgskulen i Volda  i tråd med formål og utviklingsområde. 

Arbeidsgrupper

Der det er behov for å gå grundigare inn i konkrete enkeltprosjekt, blir det etablert eigne arbeidsgrupper for dette. 

Samarbeidsformer

Det blir tatt i bruk fleire samarbeidsformer for å nå måla som er sett innanfor dei ulike utviklingsområda. Aktuelle samarbeidsformer er knytt mellom anna til felles møteplassar, fagretta samarbeid, kombinerte stillingar, hospitering og samarbeid om masteroppgåver.

Felles møteplassar

Dei formelle møtearenaene i styringsgruppe og arbeidsutval bidreg til føreseielege rammer for arbeidet. I tillegg til etablering av arbeidsgrupper, er det også andre felles møteplassar for utveksling av kunnskap og erfaringar, som til dømes årlege fellessamlingar for tilsette på høgskulen og LU-skular og deltaking på regionale og nasjonale konferansar.

Fagretta samarbeid

Å støtte og utvikle praksisnære forsking- og utviklingsprosjekt, er eit av utviklingsområda for LU-samarbeidet. FOU-samarbeid kan omfatte både konkrete og tidsavgrensa samarbeidsprosjekt mellom enkeltlærarar ved høgskulen og LU-skulane og større og meir langvarige samarbeidsprosjekt mellom til dømes forskingsgrupper og LU-skular. I dette arbeidet vil det også vere aktuelt å involvere elevar og studentar. 

Kombinerte stillingar

Ei av samarbeidsformene i partnarskapssamarbeidet er bruk av kombinerte stillingar. Det er oppretta fleire kombinerte stillingar for lærarar frå lærarutdanningsskular som arbeider i mindre stillingar ved Høgskulen i Volda. Det er også rom for tilsvarande ordning andre vegen, der lærarar ved høgskulen er tilsett i LU-skulane. Kombinerte stillingar kan bidra både til lågare terskel for samhandling og meir kontinuitet i samarbeidet mellom praksisfeltet og høgskulen.

Hospitering

Hospitering er ei samarbeidsform som gir fagtilsette ved lærarutdanningane moglegheit for å observere og delta i skulekvardagen i kortare periodar. Gjennom hospitering kan ein få betre innsikt i og oppdatert kunnskap om skulekvardagen, for å kunne gje ei meir praksisnær undervisning som kjem studentane til gode Samstundes er det ønskeleg at ordninga kan legge til rette for eit endå tettare samarbeid mellom lærarutdannarar, og at hospiteringa kan vere til nytte for LU-skulen som tek i mot.

Samarbeid om masteroppgåver

Eit tettare samarbeid om masteroppgåver kan bidra til å styrke yrkeskvalifisering av studentane og vidareutvikle partane i LU-samarbeidet. Årshjul for mastersamarbeid og oppretting av eigne masterkoordinatorar ved LU-skulane bidreg til føreseielege strukturar. LU-skulane bidreg i arbeid med masteroppgåver, til dømes med forslag til aktuelle forskingsområde, deltaking på mastertorg, og som ein arena for innsamling av datamateriale. Det er også viktig at mastersamarbeidet kjem LU-skulane til gode, til dømes ved at studentane presenterer og deler kunnskap frå masterarbeidet.

Lærarutdanningssamarbeidet