Overflytting
Etter tredje studieår kan studentar som går femårig grunnskulelærarutdanning søke om overflytting frå ein institusjon til ein annan. Ut i frå nasjonale retningslinjer skal det faglege innhaldet og oppbygginga av alle grunnskulelærarutdanningane i prinsippet vere like etter tredje studieår.
Her finn du informasjon om grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda: 1-7 og 5-10
For å søke om overflytting må du:
- ha fullført og bestått rettleia praksis og alle eksamenar (innan 1. juli)
- ha 60 studiepoeng i det faget du skal ta master i
- Høgskulen du no studerer ved kan ikkje ha reist skikkasak mot deg, jf. Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning
- levere ny politiattest til Høgskulen i Volda ved studiestart, jf. Forskrift om opptak til høgare utdanning, kap. 6
Korleis søke overflytting til Høgskulen i Volda:
- Bruk digitalt søknadsskjema som du finn her
- Du må legge ved karakterutskrift på fullførte emne og praksis, kopi av studiemodell og utdanningsplan som du finn i studentweb
- Søknadsfrist: 1. mars
Ved spørsmål, ta kontakt med studieleiar.