Semestre
MUS225 Musikkteknologi og produksjon
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
Emnet gir ei innføring i studioteknikk og konsertlydteknikk, og skal gi studenten føresetnad for å kunne delta i musikalske produksjonsprosessar frå idé til ferdig lydprodukt. Ekskursjon til profesjonelt studio med observasjonspraksis inngår i studiet. Som fordjupingsoppgåve kan studenten velgje anten studioproduksjon eller konsertproduksjon. Kunnskapar om innspeling og musikkteknologi, saman med den estetiske og praktisk-kunstnarlege sida av slik produksjon er relevante for å kunne arbeide med musikk i skule, kulturskule, musikk- og teaterinstitutsjonar og andre kultursamanhengar. Arbeidet med musikkteknologi kan også ha overføringsverdi til andre arbeidsområde.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet.
- planlegging og gjennomføring av ein musikkproduksjon.
- grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon og opptak.
- metodar og teknologi knytt til studioopptak og konsert- og scenelyd.
- Signalbehandling og programmering av musikk.
Studenten kan:
- planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og produksjonar på ein strukturert og sjølvstendig måte, og grunngi faglege val undervegs i prosessen.
- bruke relevant programvare og innspelingsteknikk i studioarbeid, åleine og i samarbeid med andre.
- gjennomføre, redigere og mikse fleirsporsopptak med ulike band og ensemble.
- reflektere over eigen og andre sin praksis innan musikkteknologi og musikkproduksjon.
Studenten skal kunne bruke ulike teknikkar på ein sjølvstendig måte og ha innsikt i fagfeltet. Studenten skal også kunne reflektere kring, og ha kunnskap om lover og rettigheiter knytt til det skapande feltet.
Organiseringa vekslar mellom forelesingar, verkstadarbeid, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Intern praksis ved Høgskulen i Volda inngår i emnet.
Arbeidsmappe:
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar til ei arbeidsmappe.
- Ein individuell produksjon.
- Eit HVO-relatert opptak og nedmiks. Nedmiks skal vere individuell.
- Eit større individuelt arbeid som gjeld konsertproduksjon. Arbeidet skal inkludere dokumentasjon av arbeidsprosessen, grunngiving av val og evaluering av prosess og produkt.
Alle arbeid skal produserast på, og blir vurdert i forhold til, Institutt for musikk sin utstyrspark.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Musikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei digital innspeling. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 15 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 % | Ein munnleg presentasjon. |