Semestre
SAFE153 Juridisk metode og velferdsrett
Går fram av eiga pensumliste for emnet.
Ingen.
Emnet gir innføring i juridisk metode og rettssystem, forvaltningsrett, velferdsrett og barnevernrett, og innføring i sentrale juridiske område som menneskerettar og barne- og familierett. Emnet gir såleis grunnleggande kunnskap om rettsreglar som inneheld rettar og plikter som har tyding for den enkelte sin velferd. Velferdslovgjevinga skal sikre at dei som har behov for ytingar og tenester får innvilga det som dei har rett på. Velferdslovgjevinga inneheld også reglar om tvang.
Både for ytingar og tvang er rettstryggleik grunnleggande. Kunnskap om og øving i juridisk metode og sakshandsamingsreglane i forvaltningsretten blir dermed viktig, og noko som emnet legg særleg vekt på: Å kunne finne fram til, tolke og bruke relevante rettskjelder på konkrete juridiske barnevernsfaglege og sosialfaglege problemstillingar.
Emnet skal også danne grunnlag for læring av meir spesialisert juss seinare i studiet, og skal bidra til forståing av andre fag i studiet, der jussen dannar ein basis, som sosialt arbeid og barnevernsarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om grunnleggande juridisk metode og særtrekk ved juss som fag
- Har kunnskap om grunnleggande forvaltningsrett med vekt på reglar om sakshandsaming
- Har kunnskap om rett og rettssystem, rettstryggleik, menneskerettar og sentrale konvensjonar
- Har kunnskap om sentral velferdsrett og grunnleggande rettar og plikter, såleis innføring i lovgjeving om helse, omsorg, sosiale tenester og økonomiske ytingar, og lovgjeving om tvang i velferdsforvaltninga
- Har kunnskap om grunnleggande barne- og familierett
- Har kunnskap om grunnleggande barnevernrett
- Har kunnskap om grunnleggande utlendingsrett
Studenten:
- Kan finne fram til relevant lovverk og andre rettskjelder
- Kan fastslå innhaldet i ein rettsregel ved bruk av juridisk metode
- Kan drøfte og avgjere juridiske problemstillingar i praktiske tilfelle
- Kan formulere og formidle rettar og plikter munnleg og skriftleg
- Kan utøve juridisk og fagleg skjøn
Studenten:
- Har ei forståing for faglege og etiske dilemma ein møter som forvaltar av lovgjeving og avgjerdsmyndigheit
- Har ei forståing for samanhengar mellom lovgjeving, organisering og kvalitet i forvaltning og tenesteyting
- Har eit juridisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre, dokumentere, evaluere og formidle tiltak og tenester
I emnet vert det brukt fleire arbeidsmåtar: Undervisning, sjølvstudie, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement gjennom løysing av oppgåver og arbeid med kasus.
Obligatorisk frammøte
Alle læringsaktivitetar i emnet er obligatoriske. Ein må ha minimum 80 % frammøte til organiserte læringsaktivitetar. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
Det er arbeidskrav i emnet. Desse er knytt til bruk av juridisk metode, forvaltingsrett og/eller velferdsrettslege tema i emnet. Arbeidskrava vert gjennomført ved skriftlege individuelle arbeid og ved individuell deltaking i kurs. Arbeidskrava skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare informasjon vil gå fram i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Sosialt arbeid, barnevernspedagog - bachelor
- Sosialt arbeid, sosionom - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Lovsamlinga Norges Lover og Lovsamling for helse- og sosialsektoren |