Semestre
IKF210 Bacheloroppgåve
IKF201 og IKF203
eller IKF206 og IKF207
eller IKF206 og IKF208
eller IKF207 og IKF208
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit tema med fokus på idrett/kroppsøving eller friluftsliv/naturguideing. Tema for oppgåva skal ha relevans ut i frå valt fagkombinasjon i bachelorløpet, dvs. innan idrett/kroppsøving, friluftsliv/naturguiding eller helse. Oppgåva vil bli vurdert både ut frå form og innhald.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Djupare kunnskap i eit tema innan kunnskapsområdet idrett/kroppsøving og friluftsliv/naturguiding eller helse
- Kunnskap innan anvende forskingsmetodar
- Evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne
Studenten kan:
- Gjennomføre eit forskingsprosjekt/litteraturstudium/utviklingsarbeid basert på kunnskap innan valt tema og forskingsmetodiske tilnærmingar
- Planleggje og gjennomføre eit arbeid
- Avgrense problemfeltet og utforme problemstillingar
- Bruke kjeldemateriale
- Presentere og vurdere resultat
Studenten kan:
- Analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet og er medviten om nødvendigheita av å kjenne til ny forsking og vere oppdatert
- Vise eit fagleg engasjement i viktige spørsmål, og kan på eit forskingsbasert grunnlag analysere og formidle eit samansett fagstoff
- Handtere forskingsetiske problemstillingar
Bacheloroppgåva er i hovedsak basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar.
Fellesøkter vil veksle mellom framleggingar, drøftingar i plenum og eigenstudium, dette kan vere både med fysisk oppmøte og digitalt.
Studentane får tilbod om rettleiing i arbeidet med oppgåva.
- Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
- Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, skal framsendast rettleiar innan fastsett tid i semesterplanen.
- Munnleg framlegging av problemstilling/tema.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Gruppe | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåva skal normalt skrivast i grupper på 2-3 studentar (alternativ 1). Som alternativ til skriftleg oppgåve kan studentane velje munnleg presentasjon (alternativ 2). | Alle | Alternativ 1: Skriftleg oppgåve. Omfang på 6000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Evt tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. Alternativ 2: Fagleg presentasjon på 30 minutt av ei problemstilling (valfrie hjelpemiddel) + 15 minutt til å svare på spørsmål. Ved munnleg presentasjon leveres skriftlig materiale («manus») på 3000-6000 ord til sensorkommisjonen til avtalt tid. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. |