Semestre
GOV115N Kommunal økonomi
Emnekode:
GOV115N
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2026 Vår
Eksamenssemester:
2026 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning på bachelornivå. Det kan også takast som valfritt emne for studentar i bachelorgradsstudium. Emnet gir kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene, ved rekneskap, økonomiplan og budsjett.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om
- intern økonomisk styring av kommunar
- styring og styringsreiskapar
- regelverk, rammevilkår og rutinar
- økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
- reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
- Nettleksjonar
- Rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Utkast til heimeoppgåve med tema og problemstilling gitt av faglærar levert til rettleiing.
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
30
Emneansvarleg:
Odd Hogne Staurset
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Kommunal økonomi (nettstudium)
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Samfunnsutvikling - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve på inntil 5000 ord (alt inkludert). |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
IPA115 Kommunal økonomi | 100% | 10 stp. |
IPA115N Kommunal økonomi | 100% | 15 stp. |
Godkjent av:
Randi Bergem 23.02.2023