Semestre
PPU-DID2MU Didaktikk 2 Musikk
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.
Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag. Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.
Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta Felles fagdidaktikk, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga.
Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
- inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i musikkfaget
- kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring i musikk
- inngåande kunnskap om musikkfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
- kunnskap om ulike digitale arbeidsformer som er relevante for musikkfaget
- brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt for musikkfaget
Studenten kan:
- analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til musikkfaget sin plass i skulen
- planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i musikkfaget, både som enkeltfag og i tverrfaglege samanhengar, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- bruke varierte og relevante metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking
- vurdere og bruke digitale ressursar som er aktuelle for musikkfaget, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i musikk
- gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
- legge til rette for musikalsk erfaring og skaping, leie og motivere elevar i ulike typar arbeid med musikk, og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
- planlegge og delta i forskingsbaserte utviklingsarbeid og skapande prosessar knytt til musikkfaget, og kritisk vurdere desse i etterkant
- gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer
- ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt
Kandidaten
- kan vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresette og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- kan orientere seg i faglitteratur og ulike musikalske praksisar, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen musikkfaglege praksis
- kan bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa
- kan bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologier og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing, og tilpassa studenten sin fagbakgrunn.
Bestått didaktikkemne 1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Del A) Alle studentar skal levere to didaktiske arbeid i primærfaget.
Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag)
Alternativ 1 (eittfaglege): Gjennomføre to didaktiske fordjupingsarbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengda på dei to arbeida skal totalt tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
Alternativ 2 (tofaglege): Godkjent 80% deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket. Gjennomføre eitt godkjent fagdidaktisk arbeid som viser didaktisk grunnkompetanse i sekundært fag. Det sekundære faget har ansvar for arbeidskravet, men arbeidskravet skal inngå i eksamensmappe i emnet studenten er meldt opp i (primærfag).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |