Semestre

PPU-DID1FR Didaktikk 1 Framandspråk

Emnekode: 
PPU-DID1FR
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i engelskfaget og framandspråksfaga før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faga. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faga som utgangspunkt for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, i tillegg til praktisk utprøving av undervisningsmetodar og strategiar, og øving i undervisningsplanlegging.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om engelskfaget/framandspråkfaga sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som språklærar 
  • Kunnskap om engelsk/framandspråkfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen. 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt 
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til engelskfaget/framandspråksfaget sin plass i skulen
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i engelskfaget/framandspråksfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

  • Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget. 
  • Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 
    • Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
    • Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev

Vilkår for å framstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å framstille seg til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Åsa Sundnes Bruheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied