Semestre

PPU-DID1NO Didaktikk 1 Norsk

Emnekode: 
PPU-DID1NO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Lærarrolla og faget i skulen

Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i skulefaget før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar 

  • Kunnskap om norskfaget -sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 

  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt 

Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til norskfaget sin plass i skulen 

  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i norskfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov 

  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar 

Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt   

  • Kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis   

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk) og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn og med tilbod om individuell rettleiing.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.  

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.  

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.  

Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget.  

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag).  

Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2. 

Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev 

Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust