Semestre

PPU-DID1RE Didaktikk 1 Realfag

Emnekode: 
PPU-DID1RE
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.

Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i undervisningsfaget før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeidet.

Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt i emnet.

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta Felles fagdidaktikk, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha: 

  • Kunnskap om aktuelle undervisningsfaga sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som lærar i faga
  • Kunnskap om aktuelle undervisningsfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
Ferdigheiter

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til aktuelle faga sin plass i skulen 
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i aktuelle faga, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Generell kompetanse

Studenten:

  • Kan vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • Kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet.  Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget. 

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag). 

Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.

Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev

Vilkår for å fremstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å fremstille seg til eksamen. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Tilsvarande inntil 4000 ord.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied