DRHS902 Vitskapsteori og etikk

Emnekode: 
DRHS902
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Doktorgrad
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Ethics and the Philosophy of Science
Emnenavn på bokmål: 
Vitenskapsteori og etikk
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.

Om emnet

Emnet i vitenskapsteori og etikk vil gjera synlege etiske problem og dilemma i arbeid med menneske. Slike dilemma gjeld i mange tilfelle utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men slike dilemma er også til stades i forskinga sjølv, og det er viktig å gjera ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusera på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Den strenge vitenskaplege disiplinen som ligg i positivismen, erkjenninga av subjektiviteten hos forskningsobjekta, som ligg i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold som ligg i fornuftskritikken. Emnet vil gjera merksam på kva slags etiske premiss som ligg i vitenskapsteorien sjølv, og at det er desse spenningane som kjem til syne i helse- og sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ein gjennomgang av etisk grunnlagstenkning. Ph.d.-kandidatane vil også bli gjort kjende med ein del av lovene og forskriftene som finst på dette området.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar og om dei etiske utfordringane som ligg implisitt i desse posisjonane
  • inngåande kunnskap om sentrale etiske modellar og etiske regelverk for forsking
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunna

  • utvikla og grunngi etisk forsvarlege val av vitenskapsteoretisk grunnlag for studiar
  • analysera det vitskapsteoretiske grunnlaget i gjennomførte prosjekt og kjenna att sentrale etiske problem
Generell kompetanse

Kandidaten skal vera 

  • i stand til å gjera sjølvstendige etiske vurderingar i sitt yrkesfelt
  • ta stilling til vitskapseoretiske posisjonar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet blir organisert i to samlingar à tre dagar. I første samling blir dei ulike posisjonane presenterte, og det blir gitt orientering om ulike forskrifter i forskingsetikken. Det vil også vera naturleg å invitera ein representant for Regional Etisk Komite. I andre samling presenterer deltakarane individuelle oppgåver som drøfter etiske dilemma relatert til eige forsking. Arbeidsformene omfattar førelesingar, heimeoppgåver og diskusjon. Samlingar: Vekene 16 og 21.

Undervisninga er for det meste organisert som seminar. Kandidatane skal også presentere eigne framlegg. Læringsutbytte i emnet føreset difor aktiv deltaking.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent framlegg på samling. Det er krav om deltaking på minimum 80 prosent av dei obligatoriske aktivitetane som går fram av undervisningsplan for emnet.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med  kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Molde: https://www.himolde.no/studier/om/studiekvalitet/kvalitetssystem/ph.d/ph.d.-i-helse--og-sosialfag/index.html/

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Jan Inge Sørbø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Profesjonsutøving - vilkår og utvikling
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Fagessay
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2023