Semestre

MGL1-7VF Vitskapsteori og forskingsmetode

Emnekode: 
MGL1-7VF
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire åra i Master i grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7 med aktuelt masterfag.

Om emnet

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for pedagogisk og didaktisk verksemd, og tek føre seg kunnskapsutvikling og forskingsmetodiske tilnærmingar til feltet.
Føremålet er at studentane skal utvikle kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode.

Emnet skal gi studentane ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva. Samstundes gir emnet den metodiske breiddekunnskapen studentane treng for å sette seg inn i forsking på høgt nivå. 

Studentane skal i løpet av emnet utvikle forskingsplan for masteroppgåva. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om  

  • vitskapsteoretiske perspektiv på kunnskapsutvikling 
  • forskingsprosessen 
  • forskingsmetodar og datagrunnlag 
  • sentrale statistiske omgrep og metodar 
  • reliabilitet og validitet 
  • forskingsetiske spørsmål
Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdere ulike tilnærmingar til forsking og forskingsmetodar 
  • formulere seg om sentrale omgrep, delar og samanhengen i ein forskingsprosess 
  • vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data
  • vurdere sentrale etiske spørsmål i forsking 
Generell kompetanse

Studenten har

  • kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode 
  • metodisk og vitskapsteoretisk kompetanse til å kunne gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid og kunne setje seg inn i forskingsarbeida til andre. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.  

Studentane skal i emnet utarbeide forskingsplan for arbeidet med masteroppgåva. Utviklinga av forskingsplanen er prosessorientert med seminar der studentane presenterer sine arbeid og gir tilbakemelding til kvarandre. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
  2. Godkjend forskingsplan for masteroppgåva. 
Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust