Semestre

HI111N Norsk og internasjonal oversynshistorie ca. 300–1536

Emnekode: 
HI111N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå seinantikken i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til 1536. Studentane skal utvikle forståing av sentrale endringsprosessar i perioden innanfor tema som folketalsutvikling, økonomi, sosiale forhold, politikk og religion. Dei skal òg vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv. Emnet gjev også innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverknaden sette inn med full tyngd.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca. 300 (norsk frå ca. 800) til midten av 1500-talet og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

10 plassar er reserverte studentar på Bachelor i Religion og kultur, nettstudium.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den tilnærma ferdige versjonen skal ha eit omfang på om lag 2500 ord i tekstbehandling, og dette oppgåveutkastet vert gjennomgått av ein faglærar som vurderer om det kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Dokumentere historisk kunnskapstileigning i digitale medium etter nærare instruks frå instituttet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i det digitale læringsverktøyet. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensdel 1 skal gjennomførast i same semester.

Sensorordning
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Harald Johannes Krøvel
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen. I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.
Oppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane vert lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
3000 - 3500 ord
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Heimeeksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS101N
2
Godkjent av: 
Randi Bergem 23.02.2023