Læringsverkstaden er støtteteneste og læringsressurs for digital utvikling og studiekvalitet ved HVO. Læringsverkstaden støttar fagtilsette og studentar i å vidareutvikle profesjonsfagleg digital kompetanse, studentaktive lærings- og vurderingsformer, digital didaktikk og arbeidslivsrelevans med bruk av digitale ressursar. Læringsverkstaden tilbyr digitale og fysiske kurs og opplæring knytt til fagspesifikke ressursar og fellessystem ved HVO.
Ressursside for studentar
Gode tips til alt det digitale innan utdanningane ved HVO
CHAT med oss i opningstida!
kl 13-16, mandag–fredag
Team for tilsette
Utstyr og utlån
Informasjon om utlånssystemet og kva utstyr vi har til utlån
Digitale læremiddel
Få tilgang til Skolestudio frå Gyldendal og digitale lærebøker frå Fagbokforlaget
Ressursside for tilsette
Oversikt over kurs, opplæringsressursar og utstyr.
Dette er digitale kurs (i Canvas) som er berekna til ca. to timar aktivitet. Du gjer dei når du vil og så raskt du vil. Kursa kan gå inn i høgskulepedagogikk-emna HPE204 og HPE205.
001 - Canvas - Struktur, organisering og studentkommunikasjon
002 - Teams og samskriving i Office365
003 - Bildebruk, CC, publisering, GDPR, kildesøk
004 - Interaktive tavler og casting
005 - Samarbeid med G Suite (+ LMS i skulen)
006 - Rettleiing, vurdering og aktivitetar i Canvas