Semestre
BLUMG302 Barnehagen som lærande organisasjon
Emnet gir studenten teoretisk og empirisk grunnlag for å meistre utfordringar og moglegheiter i barnehagen. Det faglege innhaldet er konsentrert om teoretisk og forskingsbasert kunnskap om samskapt læring i personalgrupper. Emnet legg vekt på kritisk analyse og diskusjon av vurdering, dokumentasjon og implementering for å utvikle kvalitet i barnehagen. I emnet studerer studenten kva som kjenneteiknar ein lærande organisasjon og korleis den kan vidareutviklast. Målsetjinga er å utvikle kompetanse og fagleg skjønn for å leie arbeidet med vurdering og dokumentasjon knytt til implementering av nye strategiar, program eller tiltak i barnehagen.
Det empiriske materialet frå eit feltarbeid vert brukt som grunnlag for å diskutere praksisutfordringar i lys av styringsdokument og kunnskapsgrunnlaget til barnehagen som ein lærande organisasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert profesjonsretta kunnskap om korleis barnehagelæraren kan leie arbeidet med kvalitet- og endringsarbeid i ulike barnehageorganisasjonar
- har inngåande kunnskap om dokumentasjon som grunnlag for vurdering
- har forskingsbasert kunnskap om kvalitetsarbeid i ein lærande barnehage
- kan anvende kunnskap om rettleiing av personalgrupper, foreldregrupper og andre sentrale aktørar for endring og utviklingsarbeid
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i bygging og styrking av kvalitet i barnehagepraksisar
Studenten
- kan kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av kvalitets- og endringsomgrepa i sentrale styringsdokument og formidle dette skriftleg, munnleg og multimodalt
- kan nytte forskingsbasert kunnskap i arbeidet med innhald, arbeidsmåtar og organisering for å fremje barnehagen som lærande organisasjon
- kan ta i bruk ulike leiingsverktøy for å motivere, planlegge, vurdere og implementere strategiar, program og utviklingsarbeid
- meistrar å sikre prinsippet progresjon i planarbeid og i ulike didaktiske praksisar
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa feltarbeid og leie utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Studenten
- kan analysere og vere kritisk reflekterande, både munnleg, skriftleg og multimodalt, om kvalitetsvurdering og endringsstrategiar
- kan rettleie og leie endringsarbeid for vidareutvikling av kvalitet i barnehagar
- kan saman med personalgrupper arbeide med ståstadsanalysar og planar for implementering av endringstiltak i ulike endringskulturar
- kan som leiar på ulike nivå i barnehagen arbeide strukturert og motiverande med dokumentasjon som grunnlag for vurdering
Arbeidsformene vil variere mellom førelesing, eige arbeid med faglitteratur, feltarbeid, studentseminar, arbeid i smågrupper, munnlege presentasjonar, posterproduksjon, world cafe, oppgåveskriving og rettleiing. Emnet vil gi studenten trening i å presentere fagstoff munnleg, skriftleg og multimodalt for læring gjennom refleksjon og klassediskusjonar. Under eit to-dagars feltarbeid gjennomfører studenten datainnsamling, analyse og drøftar vidare problemstillingar som er viktige for å realisere vurdering i ein barnehagekontekst. Arbeidskrava skal støtte studenten i arbeidet med fagtekstar som skal føre fram til ein akademisk poster.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.
Arbeidskrav:
a. Ein skriftleg refleksjonstekst med utgangspunkt i forskingsbaserte artiklar og sjølvvalt pensum etter litteratursøk i databasar, 500-600 ord
b. Innsamling av data frå praksisfeltet med utgangspunkt i ei gitt problemstilling
c. Utvikling av ein akademisk poster med ein munnleg presentasjon i studentseminar der denne vert drøfta. Posteren skal vere knytt til analyse av datamateriale frå feltarbeidet
Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Sjå § 6-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 4000-5000 ord |