Semestre
BLUMG301 Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv
-
Ingen
Emnet Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv handlar om barnehagelæraren som profesjonsutøvar og barnehagelæraren si betydning for barns oppvekstvilkår. Gjennom emnet skal studenten tileigne seg avansert kunnskap om profesjonsteori og profesjonsutvikling.Teoretisk og forskingsbasert kunnskap om profesjonar generelt, og barnehagelærarrolla spesielt, er sentralt. Barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i samfunnet vert belyst, saman med barnehagen si rolle i eit historisk og samtidig perspektiv. Profesjonsetikk, makt og dilemma for profesjonsutøvarar inngår i dette. Forsking om barn sine vilkår i barnehagen vert studert i lys av politiske prosessar. Emnet inneheld empiriske og teoretiske perspektiv på barnehagen som samfunnsinstitusjon i lys av nasjonale og internasjonale endringsprosessar.
Føremålet med emnet er at studenten skal utvikle grunnleggande innsikt i, og avansert forståing for, rolla som barnehagelærar som profesjonsrolle, og kva betydning barnehagelærarane har som ein av velferdsstatens sentrale profesjonar. Kunnskap om profesjonsetikk og dilemma for profesjonsutøvarar kan vere ei støtte for å forstå, analysere og handtere komplekse kvardagssituasjonar i barnehagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har avansert kunnskap om sentrale teoriar og forsking knytt til profesjonar, profesjonsutøving og profesjonsutvikling
- har inngåande kunnskap om barnehagen som pedagogisk institusjon i historisk og samtidig perspektiv, samt i nasjonale og internasjonale perspektiv
- har avansert forståing som grunnlag for analyse av barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i velferdsstaten
- har inngåande kunnskap om profesjonsetiske retningsliner og etiske dilemma i utøving av barnehagelærarprofesjonen
- har avansert innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle
Studenten:
- kan analysere utdanningspolitiske dokument- og prosessar og trekke linjer til konsekvensar for rolla som barnehagelærar
- kan analysere faglege og politiske spørsmål knytt til barnehagen i endring som grunnlag for kvalitetsutvikling i eigen barnehage
- har eit analytisk og kritisk blikk på eiga rolle som profesjonsutøvar
- kan bruke relevante metoder for fagleg utvikling som grunnlag for å drøfte profesjonsutøving i lys av faglege, etiske og politiske tilnærmingar
- kan reflektere over profesjonsetiske problemstillingar og etiske dilemma
Studenten:
- kan analysere og reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet i lys av relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
- kan gjennom å utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som profesjonsutøvar, anvende kunnskap og ferdigheiter på nye måtar som grunnlag for kvalitetsutvikling
- kan kritisk analysere relevant forsking om profesjonsrolla
- kan nytte profesjonsspråket i drøftingar av faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet
Det er fire todagars samlingar i emnet. Arbeidsformene og arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i utvikling av utvida innsikt i barnehagelærarolla og konsekvensar for barns oppvekstmiljø.
Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.
Arbeidskrava gir øving i den akademiske sjangeren og hjelp til fagleg fokus gjennom bearbeiding av pensumlitteraturen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet. Minimum 70% frammøte gjeld.
Arbeidskrav:
- Kronikk med utgangspunkt i tema for emnet. Kronikken skal presenterast for medstudentar og faglærar.
- Skriftleg oppgåve om refleksjon over rolla som barnehagelærar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
-
-
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | .100 | Ei skriftleg, individuell oppgåve basert på tema og pensum for emnet. | . | 4000 ord |