Semestre
BLUMG303 Barnehagens læringsmiljø
Ingen.
Barnehagens læringsmiljø omfattar dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda som påverkar barns utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet byggjer på ei heilskapleg forståing av læring, med leik, omsorg og danning som berande element. Føremålet med emnet er at studenten skal tileigne seg kunnskap om samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing, læringsmiljøet i barnehagen og barns åtferd. Emnet vil framheve korleis det psykososiale miljøet, aktivitetane i barnehagen og barns trivsel ligg til grunn for å kunne danne gode læringsmiljø for alle barn. Læringsmiljøet i barnehagen vert sett i lys av kulturelle og samfunnsmessige endringar, og studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis desse endringane påverkar barnehagens læringsmiljø. Emnet vil ta føre seg sentrale tema som leiing av barnegrupper med fokus på relasjonelt arbeid, inkludering og didaktiske intensjonar. Emnet byggjer på teoretisk og forskingsbasert kunnskap om korleis barnehagelæraren kan arbeide for at barnehagen skal bidra til utvikling, leik, læring, helse og trivsel. Emnet vil tematisere og diskutere barns oppvekst i eit teknologirikt og mangfaldig samfunn, med vektlegging av barns livsmeistring og danning i eit digitalt og fleirspråkleg miljø. Arbeid med førebygging av mobbeliknande åtferd vert løfta fram.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om faktorar som påverkar og formar barnehagens læringsmiljø
- har inngåande kunnskap om barnehagelæraren si rolle i relasjonsbygging og innsikt i arbeidet for eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- har inngåande kunnskap om korleis barnehagen kan bidra til livsmeistring, utvikling, leik, læring, helse og trivsel
- har kunnskap om ulike perspektiv på mobbing i barnehagen
- har kunnskap om korleis oppvekst i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn påverkar læringsmiljøet i barnehagen
Studenten
- kan analysere og forstå samanhengen mellom barnehagelæraren si leiing, barnehagens læringsmiljø og barns åtferd, trivsel og utvikling i barnehagen
- kan analysere og forstå korleis barns oppvekst i eit digitalt og fleirspråkleg samfunn påverkar barnehagens læringsmiljø og korleis barnehagen kan utnytte dette som ressurs
- kan på ein sjølvstendig måte gjennomføre eit feltarbeid i tråd med aktuelle metodiske krav og gjeldande forskingsetiske normer
- kan strukturere og formulere faglege ressonement om betydninga av læringsmiljøet i barnehagen med utgangspunkt i teoretisk og forskingsbasert kunnskap
Studenten
- kan kritisk analysere kva faktorar som skaper eit utviklande læringsmiljø
- kan ta i bruk kunnskap og ferdigheiter i arbeidet for gode læringsmiljø i barnehagen
- kan formidle og kommunisere om barnehagefaglege tema som gjeld barnehagens læringsmiljø og korleis læringsmiljøet påverkar barns åtferd, trivsel og utvikling
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar og studentaktive læringsformer som gruppearbeid, seminar, arbeid med pensumlitteratur og oppgåveløysing.
Studenten skal arbeide individuelt og gjennomfører oppgåver i grupper mellom samlingane.
Det er 70 % obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak,
studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav:
70 % obligatorisk frammøte på timeplanlagd aktivitet
Arbeidskrav:
- Presentasjon individuelt og i gruppe
- Individuell fagtekst
- Feltarbeid individuelt eller i gruppe
Detaljert informasjon og vurderingskriterier for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart. Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Barnehagekunnskap - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |