Semestre

BLUMG301 Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv

Emnekode: 
BLUMG301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

-

Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv handlar om barnehagelæraren som profesjonsutøvar med betydning for barns oppvekstvilkår. Innhaldet i emnet rettar seg mot empiriske og teoretiske perspektiv på barnehagen som samfunnsinstitusjon og barnehagelæraren som profesjonsutøvar, i lys av nasjonale og internasjonale endringsprosessar. Vidare vert barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i samfunnet belyst, samt barnehagen si rolle i eit historisk og samtidig perspektiv. Teoretisk og forskingsbasert kunnskap om profesjonar generelt, og barnehagelærarrolla spesielt, er sentralt i emnet. Det inneber at studenten skal tileigne seg avansert kunnskap om profesjonsteori og profesjonsutvikling. Forsking om barn sine vilkår i barnehagen vert studert i lys av politiske prosessar. Profesjonsetikk, makt og dilemma for profesjonsutøvarar er også sentralt og studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om desse områda.

Føremålet med emnet er at studenten skal utvikle avansert forståing for, og inngåande innsikt i, rolla som barnehagelærar som profesjonsrolle, og kva betydning barnehagelærarane har som ein av velferdsstatens sentrale profesjonar.  Kunnskap om profesjonsetikk og dilemma for profesjonsutøvarar kan vere ei støtte for å forstå, analysere og handtere komplekse kvardagssituasjonar i barnehagen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har avansert kunnskap om sentrale teoriar og forsking knytt til profesjonar, profesjonsutøving og profesjonsutvikling
  • har inngåande kunnskap om barnehagen som pedagogisk institusjon i historisk og samtidig perspektiv, samt i nasjonale og internasjonale perspektiv
  • har avansert forståing som grunnlag for analyse av barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i velferdsstaten
  • har inngåande kunnskap om profesjonsetiske retningsliner og etiske dilemma i utøving av barnehagelærarprofesjonen
  • har avansert innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere utdanningspolitiske dokument- og prosessar og trekke linjer til konsekvensar for rolla som barnehagelærar
  • kan analysere faglege og politiske spørsmål knytt til barnehagen i endring som grunnlag for kvalitetsutvikling i eigen barnehage
  • har eit analytisk og kritisk blikk på eiga rolle som profesjonsutøvar
  • kan bruke relevante metoder for fagleg utvikling som grunnlag for å drøfte profesjonsutøving i lys av faglege, etiske og politiske tilnærmingar
  • kan reflektere over profesjonsetiske problemstillingar og etiske dilemma gjennom skriving av kronikk og presentasjon for barnehagepersonale og/eller politikarar
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere og reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet i lys av relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • kan gjennom å utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som profesjonsutøvar, anvende kunnskap og ferdigheiter på nye måtar som grunnlag for kvalitetsutvikling
  • kan kritisk analysere relevant forsking om profesjonsrolla
  • kan nytte profesjonsspråket i drøftingar av faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er fire todagars samlingar i emnet. Arbeidsformene og arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i utvikling av utvida innsikt i barnehagelærarolla og konsekvensar for barns oppvekstmiljø.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper,  munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.  

Arbeidskrava gir øving i den akademiske sjangeren og hjelp til fagleg fokus gjennom bearbeiding av pensumlitteraturen.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  1. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet (Minimum 70 % oppmøte gjeld).
  2. Skrive ein kronikk med utgangspunkt i tema for emnet og presentere denne for medstudentar og faglærar.  
  3. Skriftleg oppgåve på 1200 ord med refleksjon over rolla som barnehagelærar, med utgangspunkt i pensum og aktuell tematikk for emnet.

 

Minimumstal: 
-
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Gerd Sylvi Steinnes
Studieavgift

-

Materialavgift

-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagekunnskap - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
.
Ei skriftleg, individuell oppgåve basert på tema og pensum for emnet.
.
4000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust