Semestre

JOP214 Eksternpraksis i journalistikk

Emnekode: 
JOP214
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOR213, JON213 eller JOT213
MEV221

Om emnet

Emnet omfattar praksisretta undervisning og ekstern praksis. Hovuddelen av emnet er ein 10 veker lang ekstern praksisperiode der studentane skal nytte dei kunnskapane og ferdigheitene dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha fullført emnet, skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist i ulike redaksjonelle miljø.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • brei kunnskap om arbeidet og arbeidsmetodane i ein ekstern redaksjon
  • brei kunnskap om idéarbeid, idéutvikling, produksjon og publisering i ein ekstern redaksjon
Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide fram idéar tilpassa målgruppa i ulike redaksjonar og på ulike plattformer
  • produsere og publisere saker som er relevante for redaksjonen der studenten har praksis
  • vurdere kvaliteten på eigne journalistiske saker basert på faglitteratur og pensum
  • analysere og reflektere over vinkling og presentasjon av journalistiske produksjonar, med fokus på fleirmediale perspektiv
Generell kompetanse

Studenten kan

  • samarbeide effektivt i eit redaksjonelt miljø
  • arbeide sjølvstendig med redaksjonelle saker på ulike plattformer
  • reflektere kritisk rundt eiga rolle i heile den journalistiske arbeidsprosessen
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Den eksterne praksisen gjennomførast i godkjente redaksjonar innan radio, TV, nett eller i fleirmediale miljø. I tillegg forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar, gruppearbeid og verkstad.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og for heile praksisperioden.

Arbeidskrav:

  • presentasjon, skriftleg og munnleg
  • fullført og bestått praksisperiode
  • levert emneevaluering innan fristen

Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Jørgen Warvik Lyngvær
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Innlevereing av metoderapport som reflekterer over 2-3 journalistiske prosjekt eller oppgåver gjennomførte i løpet av praksisperioden.
Rapporten skal innehalde ei kritisk drøfting av journalistiske metodar, prosessar og faglege vurderingar knytt til studentens arbeid i praksis.
Refleksjonen skal omfatte både praktiske og etiske problemstillingar som har oppstått i løpet av praksisperioden.
3000 - 5000 ord
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Munnleg eksamen består av to delar:
1. Forsvar av rapporten: Studenten skal presentere og forsvare innhaldet i metoderapporten, samt diskutere dei vala og utfordringane dei har møtt i praksisperioden.
2. Heilskapleg fagleg samtale: Studenten skal vise brei kunnskap og ferdigheiter tileigna gjennom heile bachelorprogrammet i journalistikk, med vekt på kritisk refleksjon over eiga læring og praksis.