Møt oss på messer rundt om i landet
Er du nysgjerrig på Høgskulen i Volda og kva vi har å by på? I januar og februar kan du slå av ein prat med oss på fysiske messer i tre byar i landet. Du kan også møte oss når vi drar på skulebesøk på Nordvestlandet.
![På utdanningsmesse.](/sites/default/files/2020-03/synnove2.jpg)
Kan ein bli lærar i Volda, kva medieutdanningar finst der, kva med praksis, korleis er studentmiljøet og kva kostar det å bu? Desse spørsmåla, pluss mykje anna om studietilboda og ikkje minst om studentlivet utanom skulen, kan du få svar på av våre imøtekomande studentambassadørar og tilsette som møter deg med eit Volda-smil på messene.
Vi er til stades på desse utdanningsmessene i 2025:
Skulebesøk i Møre og Romsdal og i Vestland
Var du ein av dei som besøkte oss under Utdanningsdagen i oktober 2024? I februar kan du også møte oss når vi reiser rundt til vidaregåande skular og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Vestland. Studentar vil fortelje om høgskulen og studiebygda Volda, og du kan stille alle spørsmåla du måtte ha om oss. Vi gler oss til å treffe deg!
Møre og Romsdal
- 3. februar kl 8.30-11.00: Ålesund vgs.
- 3. februar kl 12.00-14.30: Akademiet vgs., Ålesund
- 4. februar kl 8.30-11.30: Spjelkavik vgs.
- 5. februar kl 9.30-12.00: Sykkylven vgs.
- 6. februar kl 8.30-11.00: Volda vgs.
- 6. februar kl 12.30-15.00: Ulstein vgs.
- 10. februar kl 8.30-11.00: Molde vgs.
- 10. februar kl 12.00-14.00: Romsdal vgs.
- 11. februar kl 9.00-11-00: Atlanten vgs.
- 11. februar kl 13.30-15.30: Sunndal vgs.
- 12. februar kl 9.00-11.30: Surnadal vgs.
- 13. februar kl 9.30-12.00: Haram vgs.
Vestland
- 24. februar: Sogndal vgs.
- 24. februar: Sogndal fhs
- 25. februar: Måløy vgs.
- 26. februar: Eid vgs.
- 26. februar: Fjordane fhs.
- 27. februar: Førde vgs.
- 27. februar: Sunnfjord fhs.
Sjekk oss ut på mobilen din!
Har du ikkje tenkt deg på messe, eller du går glipp av besøket vårt? Følg oss på Instagram framover, der vil studentambassadørane våre ha takeover og gi deg eit innblikk i studiet sitt og korleis dei har det i Volda.
Sjekk gjerne innom kanalane våre på YouTube, TikTok og Facebook også.
![Glade studenter på Campus](/sites/default/files/styles/large/public/2024-06/hivolda2024campusweb-1001_0.jpg?itok=seK2rdy7)
Velkommen til Volda!
Eit unikt studentmiljø og solide utdanningar er svært gode grunnar for å studere i ei bygd på Sunnmøre. Legg du til at det er billeg å bu, internasjonalt miljø og korte avstandar på og rundt campus, så kan kanskje Høgskulen i Volda vere noko for deg?