NO101N Språket som struktur

Emnekode: 
NO101N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Språket som struktur gir ei innføring i språksystemet i norsk, frå dei minste byggesteinane, språklydane, til strukturen i ord og setningar. Studentane lærer eit omgrepsapparat for å beskrive språksystemet vitskapleg, og å nytte omgrepsapparatet i analyse av lydar, ord og setningar. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Morfologi og semantikk

TP2: Syntaks

TP3: Fonetikk og fonologi

Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp. Emnet er eit basisemne i Norsk (nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

-  forstår omgrep som blir brukte for å beskrive språksystemet vitskapleg

-  har brei kunnskap om norske språklydar (fonetikk) og lydsystem (fonologi)

-  har brei kunnskap om norsk ordstruktur, bøying og orddanning (morfologi)

-  har brei kunnskap om norske setningsstrukturar (syntaks)

Ferdigheiter

Studenten

- kan identifisere språkvitskaplege kategoriar i norske språklydar, ord og setningar

-  kan beskrive norske språklydar, ord og setningar ved hjelp av språkvitskaplege kategoriar

-  meistrar IPA-teikna for norske språklydar

-  kan analysere strukturen til norske ord

-  kan analysere strukturen til norske setningar

Generell kompetanse

Studenten

- kan skrive tekstar på korrekt bokmål og korrekturlese tekstar på bokmål

- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tektstar, med klar struktur og  

   korrekt bruk av kjelder

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på bokmål.

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Tor Arne Haugen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium)
  • Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid) 
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Nettbasert. Eksamen skal skrivast på bokmål.
Godkjent av: 
Silje Ims Lied