Hjelp knytt til studia Canvas - læringsplattfromCanvas er det digitale læringsmiljøet til Høgskulen i Volda, og er bindeleddet mellom lærarar og studentar. Logg deg på med Feide-brukaren din. Studentsørvis Dette er gjengen som kan hjelpe deg med det meste. Vi sit i første etasje i Berte Kanutte-huset. Er du ikkje på høgskulen, får du hjelp på telefon eller e-post med alt frå studieinnhald til praktisk informasjon. Biblioteket Biblioteket har kurs i studieteknikk og akademisk skriving, og kan hjelpe deg med alt frå referansar til å finne litteratur. Tilrettelegging Har du utfordringar som gjer studiedagen din litt vanskelegare? Vi hjelper deg med å legge til rette i kvardagen. Studentombod Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som student råd om kva rettar du har, knytt til studiesituasjonen din.