Helse- og velferdstilbod utanom skulen
Som student har du rett på fysisk og psykisk helsehjelp, sjølv om du ikkje har fast adresse i Volda.
Studentsamskipnaden i Volda
Studentsamskipnaden er til for at du skal ha ein så trygg og effektiv studiesituasjon som mogleg. Vi er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda
Gratis helsestasjon for studentar
Lågterskeltilbod til studentar. Tenesta er gratis og du treng ikkje å bestille tid. Det er berre å kome innom!
Psykologisk helseteneste
Studentsamskipnaden i Volda samarbeider med erfarne psykologar, og ventetida er kortare enn i den offentlege helsetenesta.
Legevakt i Volda
Legevakta gir deg helsehjelp når det hastar og fastlegekontoret ikkje er tilgjengeleg. Treng du akutt hjelp? Ring 113!