Korleis bruke KI som student
På denne siden finner du eksempler og råd på hvordan KI kan brukes som læringsstøtte.
Overdriven bruk av KI-genererte tekstar kan kome i vegen for å utvikle evna til sjølvstendig, kritisk analyse og kreativ tenking. Å skrive og redigere eigen tekst er ofte viktig for å utvikle fagforståing og eigen tenking, i tillegg til skriveferdigheiter. Formålet med skriveoppgåver på høgskulen er ikkje primært å vurdere kva du har lært, men å gi deg moglegheit til å utvikle ferdigheitene dine i akademisk skriving og tenking. For at du ikkje skal miste denne moglegheita, er det utruleg viktig at du, dersom du bruker KI, set deg sjølv i førarsetet for skrivinga og bruker KI som eit verktøy og ei støtte til å bli betre til å skrive.
KI kan lage samandrag og forenklingar av store og vanskelege tekstar. Det kan vere nyttig. Men det er også veldig viktig å lese tekstane sjølv, og arbeide vidare med innhaldet. Det er slik du får ei god forståing av akademisk arbeid i emnet ditt og kan vurdere innhaldet og kva det betyr. Når du jobbar med tekstgenerert innhald, kan det vere lurt å ha desse spørsmåla i bakhovudet:
- Kan eg stole på svara KI gir?
- Har eg moglegheit til å kontrollere innhaldet mot originale tekstar?
- Bør eg stille spørsmålet på ein annan måte for å kunne få eit meir utvida eller spesifikt svar?
Bruk KI som eit verktøy
Kunstig intelligens kan hjelpe deg å jobbe meir effektivt og gi innspell til både kognitivt og kreativt arbeid. Nedanfor kan du sjå forslag på nokre aktivitetar der generativ kunstig intelligens kan vere ein ressurs:
- KI kan omsetje tekst.
- KI kan forklare omgrep og lage samandrag.
- KI kan setje i gang skriveprosessar og gi idear om tema.
- KI kan kritisere tekst og argument.
- KI kan forbetre tekst.
Det er viktig at du er kritisk reflekterande til instruksane dine og til svara du får frå samtaleroboten. Ver også bevisst på moglegheiter, avgrensingar og etiske problemstillingar.
Skrivestøtte
For å få nyttige svar frå KI bør du vere mest mogleg konkret på kva du spør etter, og inkludere kontekst for at KI skal kunne gi deg meir presise svar. I tillegg er det viktig at du ikkje inkluderer sensitive personopplysningar, for eksempel noko om helsa, religionen, eller dei politiske oppfatningane til ein person, eller liknande. Les meir om dette og andre juridiske føringar for bruk av KI ved HVO.
KI kan gi deg tilbakemeldingar på skriftleg tekst eller på idear du har til teksten din. Dei ulike modellane er gode på språk, særleg engelsk, men har meir varierande sanningsinnhald i det dei genererer. Du må derfor kritisk vurdere innspela du får, og vurdere korleis du arbeider vidare med tekstane dine. Her er nokre forslag til bruk:
- Be om forslag til korleis teksten din kan forbetrast. Be gjerne om konkrete forbetringar, som for eksempel tydelegheit eller å gjere teksten kortare, meir variert språkbruk, gode overgangar mellom avsnitt eller liknande.
- Be om forslag til alternative måtar å uttrykke eit argument eller ein idé på.
- Be KI opponere mot argumenta i teksten din, og bruk dette i prosessen din med å utvikle og nyansere din eigen argumentasjon.
For å vite om forslaget er godt og riktig, må du ha innsikt i tematikken. Om du ikkje synest teksten som blir generert, er treffande for det du ønskjer å skrive om, kan du gi meir spesifikke prompts (instruksar). På denne måten får du reflektert rundt kva du ønskjer å skrive. Bruk aldri den genererte teksten direkte, men plukk ut og skriv om det som hjelper deg å kome vidare med di eiga skriving.
Kjeldekritikk og reielegheit
Hugs å vere kritisk i bruken din av KI. Før du går i gang med å bruke KI, bør du gjere deg godt kjend med retningslinjene på emnet ditt. Er du usikker, kan du forhøyre deg med undervisarane på emnet om kva dei har bestemt er akseptabel KI-bruk i emnet ditt. Generelt gjeld dette alt arbeid som blir vurdert. For eksempel skal eksamenssvar og obligatoriske innleveringar vere ditt eige sjølvstendige arbeid, men det er ofte tillate å ta i bruk hjelpemiddel. Det er undervisarane på emnet ditt som bestemmer om og korleis de eventuelt kan bruke KI. Dersom du blir pålagt å bruke KI i samband med eit arbeidskrav, obligatoriske innleveringar og liknande, så skal du bruke KI-verktøy som er anbefalt av HVO.
For å bruke KI-generert tekst på ein akademisk ansvarleg måte i skriveprosessen din må du aktivt følgje akademiske normer for redelegheit, etterrettelegheit og openheit. Det betyr at det er viktig at du
- tydeleg angir når og korleis du bruker slike tekstar
- kritisk vurderer og verifiserer informasjonen frå KI-kjelder
- ikkje stolar på KI som einaste eller primære kjelde til informasjon
Dersom oppgåva består i å skrive ein tekst, vil dette for eksempel innebere at du angir i teksten kva kjelder du byggjer på. Du må vidare tydeleggjere for lesaren skilnaden mellom di eiga stemme og stemmene til forfattarane du refererer til.
Dersom du bruker tekst generert av KI i prosessen med å utvikle din eigen tekst, må du vere bevisst på at slike KI-genererte tekstar ikkje følgjer akademiske normer for etterrettelegheit og openheit.
- KI-generert tekst kan innehalde feil, vere unøyaktig eller vere misvisande. Kontroller derfor alltid tekstane med fleire andre kjelder.
- KI-generert tekst er ikkje din eigen. Om du bruker denne i ditt eige arbeid, må du vere open om at teksten er KI-generert, og på kva måte han er generert og brukt i teksten din.
- KI-generert tekst viser som regel ikkje til kjelder, eventuelt er kjelder han viser til, ikkje nødvendigvis reelle eller relevante. For å vere ein reieleg forfattar må du oppsøkje, utforske og referere til reelle kjelder.
- Generert tekst kan reflektere bias eller fordommar frå treningsdataa. Ved å bygge vidare på bias-ane eller fordommane kan desse bli forsterka.
- Ikkje bruk KI til å skrive teksten for deg, men som ei støtte i skriveprosessen, for eksempel til å få idear og forbetre eigen tekst.
Dersom du bruker KI i prosessen med å utvikle ein eigen tekst, bør du vere open om dette og tydeleg få fram korleis du har brukt KI, og kva som er ditt sjølvstendige bidrag i utviklinga av teksten. Det er også viktig at du set deg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen, slik at det ikkje oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk.
Korleis skrive riktig referanse ved bruk av kunstig intelligens
Dersom du nyttar KI-verktøy, bør du oppgi at du har nytta dette som verktøy. I APA 7 eksempelsamling og Kildekompasset er anbefalinga i tråd med APA7-stil at du beskriv i teksten korleis du har brukt KI-verktøyet, og eventuelt inkluderer i innleveringa det du skreiv inn, og det du fekk ut av verktøyet. Slike beskrivingar kan for eksempel takast med i metodekapittelet eller i aktuelle avsnitt.