Kunstig intelligens i undervisning

Det er delte meiningar om korleis generativ KI bør brukast i undervisning og forsking. Høgskulen i Volda tilrår å vere varsam ved bruk. Samstundes kan det vere gagnleg for studentane å få utforske moglegheiter med KI og øve seg i å kritisk vurdere når bruk er føremålstenleg, og ikkje minst vurdere når generativ KI er truverdig.

I vitskaplege arbeid, inkludert masteroppgåver, arbeidskrav og forsking, tilrår Høgskulen i Volda følgjande:

KI for å forbetre lesbarheit
KI bør berre brukast til å forbetre lesbarheita og språket i arbeidet, og ikkje til å erstatte sentrale forfattaroppgåver som å produsere vitskaplege eller pedagogiske innsikter, trekke vitskaplege konklusjonar eller gi tilrådingar.

Bruk med tilsyn – du er ansvarleg!
Å bruke KI-teknologi bør gjerast med menneskeleg tilsyn og kontroll, og alt arbeid bør bli nøyaktig gjennomgått og redigert. Hugs at KI kan generere autoritativt klingande tekst som kan vere feilaktig, ufullstendig eller partisk. Forfattarane er ansvarlege for innhaldet i arbeidet.

Viss du bruker KI: fortel korleis!
Forfattarar bør oppgi i manuskriptet sitt bruken av generativ KI og KI-assisterte teknologiar.

KI er ingen forfattar
Forfattarar bør ikkje føre opp generativ KI og KI-assisterte teknologiar som forfattar eller medforfattar.

Ikkje siter KI
Forfattarar bør ikkje sitere KI som forfattar. Forfattarskap inneber ansvar og oppgåver som berre kan tilskrivast og utførast av menneske.

KI i skriveprosessen
Desse retningslinjene refererer berre til skriveprosessen, og ikkje til bruk av KI-verktøy for å analysere og trekke innsikt frå data som ein del av forskingsprosessen.