LærariNordvest
LærariNordvest er ei ny satsing ved Høgskulen i Volda (HVO), der målsettinga er å rekruttere studentar og sikre kommunane i regionen nok kvalifiserte lærarar i framtida. HVO samarbeider tett med barnehage- og skuleigarar for å finne dei rette kandidatane.

Vi inviterer til møte i kommunane i regionen, der du får informasjon om dei ulike lærarutdanningane. Du kan også stille spørsmål om det du lurer på. Kanskje har du fått ein invitasjon fordi leiaren din ser på deg som ein aktuell søkjar?
Ønsket om å gjere ein forskjell er ein av dei viktigaste faktorane for å søkje på lærarutdanning, og ved å søkje på ei lærarutdanning får du høve til det.
Mange av dei som søkjer seg inn på ei lærarutdanning, har prøvd å arbeide i barnehage og skule. Andre kan ha hatt gode erfaringar med å leie ei barnegruppe utanfor barnehage og skule i andre samanhengar.
Informasjonsmøte våren 2025:
Frå januar-mars har det blitt gjennomført ei rekkje møte på Nordvestlandet:
- Langevåg 27. mars
- Molde 19. mars
- Sykkylven 19. mars
- Elnesvågen 18. mars
- Hareid/Ulstein 12. mars
- Vestnes 10. mars
- Valderøya 5. mars
- Fiskå 27. februar
- Åndalsnes 26. februar
- Ørsta/Volda 26. februar
- Brattvåg 25. februar
- Nordfjordeid 24. februar
- Fosnavåg 27. januar
Kontaktpersonar:
Studieleiar
barnehagelærarutdanning
Elisabeth Welle
E-post:
Elisabeth.Welle@hivolda.no
Telefon: (+47) 70 07 54 50
Studieleiar
grunnskulelærarutdanning
Eivind Patrick Hanevik
E-post: eivind.patrick.hanevik@hivolda.no
Telefon: (+47) 70 07 54 87
Studieleiar
praktisk-pedagogisk utdanning
Kathrine Skarseth
E-post:
kathrine.skarseth@hivolda.no
Telefon: (+47) 70 07 51 29

Bli lærar i Volda!
I Volda har vi utdanna lærarar i meir enn 150 år, og det er vi gode på. Hos oss får du mykje og unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar. Bli lærar – og ver med på å forme dei som skal utvikle verda vidare.