NRK Radios «Abels tårn» i Volda

Tysdag 4. mars kjem NRKs radioprogram «Abels tårn» til Volda, og DU kan vere med!

Abels tårn

Kva er vitsen med morgonkvalme? Blir det tidvatn i eit mjølkeglas? Og kva skjer når to svarte hol krasjar? I podkasten og radioprogrammet «Abels tårn» er ingen spørsmål for små eller for store. Saman med eit ekspertpanel gir programleiar Torkild Jemterud deg svara på alt du ikkje visste at du lurte på.

4. mars stiller Høgskulen i Volda med ekspertpanelet, og vi vil gjerne ha DEG i salen som publikum! Studenthuset Rokken inviterer til radioshow frå kl. 19 – sikre deg gratisbillett allereie i dag: https://tikkio.com/tickets/54446-nrks-abels-tarn-rokken 

(Sjå også Facebook-arrangementet.)

Ekspertpanelet frå Høgskulen i Volda

Dette er HVO-ekspertane som skal svare på spørsmål frå radiolyttarane (frå venstre i biletet nedanfor):

 

 

Vil du sende inn lyttarspørsmål til «Abels tårn», kan du bruke e-postadressa abels@nrk.no.

  • Svolten på meir? Få også med deg «Abels tårn» på Parken kulturhus i Ålesund onsdag 5. mars kl. 18 – då med ekspertar frå NTNU i Ålesund og Atlanterhavsparken Vitensenter i panelet. Les meir på ntnu.no.

Del på: