Følg Høgskulen i Volda i sosiale medium

Ein glitrande måte å halde seg oppdatert på kva som skjer ved høgskulen for både eksisterande og tidlegare studentar, er å følgje oss i sosiale medium. Her får du innblikk i studieliv og nyheiter, ting du kan engasjere deg i eller delta på. Lurer du på korleis det er å jobbe eller studere her, eller saknar du Volda vil du garantert finne noko gull i ein av kanalane våre. 

INSTAGRAM 

Få eit innblikk i studiekvardagen og kva som skjer ved HVO! Her er det ofte studentar og ulike organisasjonar, festivalar og utval knytt til høgskulen som får ta over og ta oss med på det som skjer. Vi håper alle nye studentar legg oss til på Instagram for å halde seg oppdatert, men også at det skal vere kjekt og fint å følgje oss - også for deg som ikkje er student eller tilsett lenger! Saknar du Volda? Då kan du få stetta savnet ditt litt på Instagram! 

TIKTOK

TikTok-kontoen vår er driven av studentar ved Mediefag. Dei viser fram studentlivet, små og store høgdepunkt på campus.. 

YOUTUBE

Her finn du alt frå guider til Volda, til filmar om høgskulen og studentproduksjonar. Møt dei som underviser, tidlegare studentar, presentasjon av ulike fagområde og forsking ved HVO, og ikkje minst relaterte kanalar som Student-TV og Nærsynet.

FACEBOOK

Her deler vi nyheiter frå www.hivolda.no, men du finn også innblikk i studentlivet og tips til ting du kan drive med eller delta på som student. Vi håper også dette er eit godt innblikk for folk i regionen og andre interesserte, tidlegare studentar og tilsette på kva vi driv med i kvardagen. 

LINKEDIN

Vi nytter LinkedIn til mellom anna å dele jobbmoglegheiter og nyheiter frå HVO. Vi håper tidlegare studentar får med seg tips til etter- og vidareutdanning eller aktuelle stillingar her om dei saknar Volda, og at dei deler med nettverka sine. 

 

Visste du at Volda et det billigste stedet i landet når det kommer til å leie hybler?

Tips oss gjerne om det er noko du vil sjå meir av i høgskulen sine kanalar!

Kommenter i kanalen du føretrekk, send direktemelding eller rett og slett ein e-post til kommunikasjonskontoret ved HVO. 
Ønskjer du å snakke med nokon ved høgskulen, stille spørsmål eller treng informasjon om noko, ta direkte kontakt med studentsørvis, som er der for å hjelpe deg. 
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no eller kom innom i opningstida på Berte Kanutte-huset: måndag-fredag kl. 08:00-15.00