Studentprest

Studentprest Ruth Eva Sollie er tilsett av Den norske kyrkje, og er ein del av helse- og velferdstilbodet til studentane i Volda. Studentpresten si viktigaste oppgåve er å vere ein samtalepartnar for deg som av ulike grunnar treng nokon å snakke med.  

Det er mykje som skjer i livet gjennom studietida. Noko har du kanskje behov for å dele, og studentpresten er her for å lytte til det du har på hjartet. Det er rom for å snakke om alle slags tema med studentpresten, og det er rom for å leite etter ord for korleis du har det. Du treng ikkje å ha er ein religiøs bakgrunn eller problemstilling – du som kjem bestemmer kva vi skal snakke om. Studentpresten har teieplikt, og tenesta er gratis. Studentpresten fører ikkje journal; du kan få kome og gå med blanke ark. 

Studentprest Ruth Eva Sollie

Har kontor i lag med studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen, på Berte Kanutte-huset (BK 142).  

Samtalane skjer på eit eige samtalerom (BK101), digitalt eller på tur. Samtalane kan bookast digitalt eller avtalast per e-post/telefon.  

E-post: studentprest@hivolda.no 
Telefon: 98059751 
Sosiale medium: Facebook | |nstagram