Miljørapporten for 2021 er klar

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: stiftelsen miljøfyrtårn

Klima- og miljørapporten for Høgskulen i Volda (HVO) for 2021 er klar. Den viser lågare drivstoffbruk og meir tilrettelegging for sykkelbruk, men auke i oppvarma areal. 

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterar miljøarbeid og målingar. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har vore pådrivar for arbeidet med miljøsertifisering ved høgskulen. Utvalet fekk nyleg presentert tala for 2021, som inkluderte lågare drivstoffbruk og færre reiser enn i eit «normalår», men også auke i oppvarma areal og restavfall til ettersortering. 


Energieffektivt hus gir reduksjon på sikt

Dette er i stor grad grunna det nye mediehuset, Sivert Aarflot-huset, som er teke i bruk i løpet av året. – Det har vore mykje opprydding under flytting, heiter det i saksframlegget til AMU. 

Det vert peika på at Sivert Aarflot-huset er energieffektivt, noko som vil gi redusert energiforbruk på sikt. Reduksjon er også venta å følgje av oppgraderinga av Hans Strøm-huset, som er i gang. Energi per kvadratmeter gjekk opp frå 146 kWh i 2020 til 147 kWh i 2021, står det i rapporten. 


Fleire elbilar og sykkehotell

Drivstoffbruk per mil har gått kraftig ned frå 2020 til 2021. To av dei sju bilane høgskulen disponerer er bytta til elbil. Tilrettelegginga av sykling til jobben held også fram: Nytt sykkelhotell med ladepunkt, kortlås og kamera sto ferdig i 2021, og eit nytt er planlagt ferdig i løpet av 2022. 

Tal på flyreiser er lågare enn i 2019, som var eit «normalår» for reising, men det er venta at dette vil auke i 2022. Samstundes vert det oppmoda om å halde fram med å nytte videokonferanser som alternativ der det er føremålstenleg. 


Bærekraftsmål inn i arbeidet

Høgskulen har gått inn i eit samarbeid med Framtidslaben i Ålesund https://www.unitedfuturelab.no/. Eit overordna mål i samarbeidet er å implementere FNs bærekraftsmål i miljø, samfunn og økonomi. Miljøfyrtårngruppa ved HVO vert invitert til Framtidslaben for å få meir informasjon om arbeidet. 

I vedtaket frå AMU heiter det at «AMU tek rapporten til vitande og ser det som positivt at ein ser Miljøfyrtårnarbeidet i samanheng med bærekraftsmåla». 

Del på