Ny HVO-rapport: Har kartlagt arbeidsmiljøet i dei kommunale barnevernstenestene
Det er gledeleg å sjå at barnevernsarbeidarane i Møre og Romsdal opplever at dei blir godt tatt vare på og framleis opplever yrket som meiningsfylt, seier høgskulelektorane som står bak rapporten.
Det er gledeleg å sjå at barnevernsarbeidarane i Møre og Romsdal opplever at dei blir godt tatt vare på og framleis opplever yrket som meiningsfylt, seier høgskulelektorane som står bak rapporten.
– Våre undersøkingar viser at dei tilsette meiner det er fint og meiningsfullt å arbeide i barnevernet, og at dei opplever meistring og får utvikle seg. Dette er ei litt anna stemme enn det vi kan høyre om i media.
Det seier høgskulelektorane Betina Haug Olson og Ellen Synnøve Aarseth ved Institutt for sosialfag. Dei har forfatta rapporten saman med professor Roar Stokken, på oppdrag frå Læringsnettverka i fylket.
Rapporten fokuserer på korleis barnevernstilsette opplever arbeidskvardagen og korleis dei enkelte tenestene legg til rette for å ivareta dei tilsette.
– Gledeleg å sjå
– Då vi starta med prosjektet var det på landsbasis ei bølge av «hjelparar» som var oppteken av å ta vare på både seg sjølv og andre. Blir det for mykje press i arbeidskvardagen, er det noko ein kan bli sjuk av, seier Olson.
– Etter kvart kom det fleire nye omgrep som hjelparane kjende seg att i, som omsorgstrøyttleik og det å vere utbrend. Dei byrja å uttale at dei blei utbrend i yrket fordi det mellom anna er så mange strenge krav, og dei opplevde at dei ikkje klarte å gjere jobben skikkeleg. Det gav gjenklang hos folk, fortel Aarseth.
Høgskulelektorane og fleire av dei tilsette i barnevernstenestene forventa i mykje større grad at svara på undersøkingane skulle bere preg av dette.
– Men når vi ser på resultata i rapporten, ser vi at det i stor grad står godt til hos dei tilsette i barnevernstenestene i Møre og Romsdal. Mange barnevernsarbeidarar går inn i yrket ut frå ein motivasjon om å bidra positivt inn i andre menneske sine liv. Samstundes skal barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar gå inn i yrka med systemkritikk, seier Olson.
Ho held fram:
– Dei siste åra har vi sett auka merksemd mot kva hjelpar-yrka gjer med arbeidarane, som frå før står i krevjande situasjonar, dersom strukturane ikkje er romslege nok til at brukarane kan få den hjelpa dei treng. Barnevernet har òg vore utsett for kritikk knytt til forvaltningspraksis - ferdigheiter som profesjonane kanskje i utgangspunktet ikkje har ein indre motivasjon for. Derfor er det gledeleg å sjå at barnevernsarbeidarane i ein slik kontekst likevel opplever seg godt tatt vare på og framleis opplever yrket som meiningsfylt.
Les meir: Jublar for ny barnevernsmaster til hausten.
God profesjonell livskvalitet
I statusrapporten kan ein mellom anna lese at det står bra til med dei tilsette i barnevernet sin profesjonelle livskvalitet. Mange har positive tankar om kor effektive dei er i sitt arbeid, og at det er lite teikn på å vere utbrend. Det er heller ikkje teikn til at dei tilsette er sekundærtraumatiserte. Det overordna inntrykket er at dei får mykje igjen for jobben sin og er i høg grad tilfreds med jobben.
Rapporten viser også at tilsette er litt over middels fornøgd med saksrettleiing og debriefing, og jamt over einige om at dei opplever støtte i kollegiet.
181 av 260 tilsette i barnevernstenesta svarte på undersøkinga. Det gir ein relativt stor svarprosent, poengterer Olson og Aarseth.
Har sett i verk tiltak
– Det kjem fram mykje bra i rapporten, men der er samstundes ting som er konstruktivt å ta tak i. Vi veit at dersom vi senker skuldrane og stoppar opp, utviklar ein seg ikkje, seier Aarseth.
Ho siktar mellom anna til at dei tilsette er minst fornøgd med rutiner for opplæring av nytilsette, og at dei er under middels fornøgd med prosessrettleiing. Om sistnemnde seier Aarseth og Olson at det kan vere korleis dei tilsette har det med seg sjølv i jobben, korleis skille mellom jobb og arbeidsliv, korleis samarbeide som team og arbeide aleine.
– Dei treng rettleiing i desse prosessane, som er heilt i kjerna av det å motverke alt i frå det å bli utbrend til å oppleve sekundærtraumatisering. Det viser at sjølv om det stort sett er mykje god profesjonell livskvalitet i barnevernstenestene, er det rom for forbetring. Slik vil det alltid vere, seier Olson.
Læringsnettverka i Møre og Romsdal har allereie sett i verk fleire tiltak i dei kommunale barnevernstenestene for å ivareta dei tilsette og gjere arbeidskvardagen betre.
– Når det gjeld opplæring av nytilsette veit vi at både Bufdir og Læringsnettverka driv med fagutvikling på dette, legg Olson til.
Nye artiklar basert på rapporten
Aarseth og Olson seier at forfattarane av rapporten er i gang med å skrive fleire artiklar basert på statusrapporten.
– Ein av dei er ein konseptuell artikkel knytt til viktigheita av kollegiet, og den andre baserer seg på ei analyse av korleis den profesjonelle livskvaliteten kan bli påverka av faktorar i arbeidslivet, seier Olson.
Den siste artikkelen vert skrive i samarbeid med ein som jobbar i barnevernstenesta.
– Vi gler oss til desse artiklane kjem ut, og håper dei kan bidra til å bygge opp kunnskapsgrunnlaget om vilkåra for å drive godt barnevernsarbeid, seier høgskulelektorane Ellen Synnøve Aarseth og Betina Haug Olson.
Funn i «Statusrapport: Ivaretakelse av ansatte»
Samla sett har dei tilsette ei positiv oppleving av leiinga, og dei er særleg fornøgde med at leiinga respekterer den tilsette og viser tillit til den tilsette sine kvalifikasjonar og arbeid.
Tilsette er over middels fornøgde med rutinene på arbeidsplassen, og mest fornøgde med rutiner for å vere to i belastande saker.
Eit fåtal av respondentane har opplevd fysisk vald på grunn av sitt arbeid i barnevernet. Dei tilsette hadde ellers svært ulike erfaringar med belastning i arbeidet. Dei hadde opplevd ulik belastning, ulik grad og i kva omfang.
Når det gjeld individuelle faktorar som har betydning for Tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) er dei tilsette mest einige i at personleg engasjement har stor betydning for samarbeidet. Dei tilsette opplever også å vere i utvikling når dei arbeider slik. Vidare er dei tilsette i stor grad einige i at TPS er høgt verdsett og at det kjenneteiknar organisasjonen.
Kjelde: Statusrapport: Ivaretakelse av ansatte av Betina Haug Olson, Ellen Synnøve Aarseth og Roar Stokken / Høgskulen i Volda.