Nyttårskonsert med unge solistar

Tradisjonen tru inviterer Høgskulens symfoniorkester til Nyttårskonsert søndag 27. januar, kl.19:00 på Berte Kanutte-huset. Denne sesongen har orkesteret hatt eit spennande samarbeid med sju unge solistar både frå eigne rekker og elles frå Søre Sunnmøre. På programmet er flotte stykke for tuba, fiolin, klaver og song saman med orkester, i tillegg til sprudlande og tradisjonsrik nyttårsmusikk.

Meir informasjon finn du her. 

Nyttarskonsert

 

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Orkesteret ved Høgskulen i Volda vart skipa i 1947 av Ingmar Fottland, som var lektor i musikk ved Volda lærarskule. Saman med sentrale musikarar vart symfoniorkesteret starta og har vore i kontinuerleg drift fram til i dag.

Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose, Helge Hamsaas, Leif Barmen, Harald Eikaas, Bård Dahle, Rune Bergmann, Øystein Salhus, Øyvind Johan Eiksund, Øyvind Granden Berg, Kjetil Grøtting, Bert Handrick og Miki Campins.

Besetninga er på omlag 40 musikarar med ei fin blanding av bygdefolk, studentar og tilsette ved høgskulen. Talet på musikarar varierar frå konsert til konsert og ved særskilte høve blir det hyra inn musikarar for å dekke spesialinstrument. Medlemmar i orkesteret betalar ikkje kontingent.

Orkesteret har fleire konsertar i løpet av året, med nyttårskonsert og nasjonal festkonsert 17. mai som tradisjonelle høgdepunkt. I tillegg turnerer orkesteret i nærmiljøet.

 

 

Del på