Offisiell opning av nytt mediehus i Volda

Sivert Aarflot-huset
2021-10-26T11:00:00 - 2021-10-26T13:30:00

Statsbygg vil formelt overrekke Høgskulen ved rektor Johann Roppen og dekan Kate Kartveit nøklane til det nye huset. Det vert også framsyning av den offentlege kunsten ved KORO og omvisning i lokala. Det vert program for inviterte gjestar frå klokka 11.00-13.30.  

Arrangementet er ope for pressa. Har du særskilte ønskjer for intervju eller foto, ta gjerne kontakt med kommunikasjonskontoret ved Høgskulen og meld frå på førehand. Nøkkelseremonien vil også bli strømma til HVO sin YouTube-kanal. 

Sivert Aarflot-huset fekk namnet sitt etter ein intern namnekonkurranse på høgskulen, og har første digitale grunnsteinen i Statsbygg si historie. Her finn du meir informasjon, eit oversyn over nyheitssaker og informasjon om huset gjennom byggeperioden.

Fakta om Sivert Aarflot-huset: 

  • Leigetakar: Høgskulen i Volda
  • Byggherre: Statsbygg v/Jens Kristian Hersløv
  • Totalentreprise: PEAB/K.Nordang v/ Lars Ole Tomren
  • Arkitekt: LINK arkitektur
  • Lokale underleverandørar: Tussa installasjon, Egset Ventilasjon, Brænde Rør, Berknes, Ulstein Betong, Ålesund låsservice, Byggmontering Møre
  • Byggeperiode: November 2019 - juli 2021
  • Grunnstein: 1.10.2020
  • Nøkkelseremoni: 26.10.2021
  • Prosjektkostnad: Ca. 220 mill.
  • Inventar/møblar/medieteknisk utstyr: Ca. 30 mill (betalt av HVO)
  • Storleik: Ca. 3.900 m2
  • Kapasitet: Arbeidsplassar til ca.50 tilsette og ca. 500 studentar
  • Romplan: Fjernsynsstudio, radiostudio, fotostudio, teiknesal, «Framtidslab», møterom, grupperom, osb.
  • Bachelorutdanningar: Journalistikk, PR og kommunikasjon, Medieproduksjon, Animasjon
  • Master: Media practices

 

Del på