Inneklima undervisningsrom
Informasjonsskriv frå Stamina ved Odd-Jonny Telseth:
Inneklima i undervisningsrom
Kva er godt inneklima?
Når ein skal vurdere inneklima i eit undervisningsrom nyttar ein ofte fleire parameter. Det kan vere termiske forhold (temperatur), atmosfæriske forhold (gassar, støv/partiklar), aktinisk miljø (ionisk og elektromagnetisk stråling), akustisk miljø (støy), estetisk miljø (farge, materiale, design), psykososialt miljø (samarbeidsklima, trivsel) og det mekaniske miljøet (utforming, praktisk tilrettelegging). Som du forstår omfattar inneklima svært mange vurderingar og er i stor grad knytt til subjektiv oppleving.
Målsettinga med eit godt inneklima er att dei som oppheld seg der ikkje skal oppleve dårleg inneklima. Det vil seie minst moglege plager.
For å oppnå dette finst det fleire forskrifter og byggtekniske standarar/tilrådingar på korleis inneklima bør vere. Det er vanskeleg å tenkje seg att absolutt alle i eit klasserom vil være fornøygde med inneklimaet då ein opplever dette ulikt. Noko meiner det er for varm andre for kaldt o.s.v.
På Høgskulen i Volda har ein valgt å følgje Norsk Standar 15251:2007 -P712 Inneklimaparametere for dimensjonering og vurdering av bygningers energiytelse inkludert inneluftkvalitet, termisk miljø, belysning og akustikk.
Det vil seie at den ikkje omfattar estetisk-, fysisk-, og psykososialt miljø, men att slike forhold må meldast og ivaretakast på eit anna område i skulen sitt HMS-system.
Luftutskifting
I klasseroma har ein valt tilrådd luftutskifting ut i frå maksimal peronbelastning + areal av overflata i lokalet. Denne tilrådinga er satt ut i frå att ein då får skifta ut lufta i lokalet slik at dei atmosfæriske forholda (gassar, støv, partiklar) vanlegvis ikkje fører til klager på eks. vond lukt eller tung/sur/gamal luft. Ein enkel måling på luftutskifting i klasserom er å måle konsentrasjon av CO2 (karbondioksid) då dette er utandingsgassen frå personar i lokalet. Målet er att konsentrasjonen av CO2 skal vere under 1000 ppm då det indikerer god luftutskifting. Det er viktig å merke seg at konsentrasjonen av CO2 ikkje er helseskadeleg før ein kjem opp i ca. 20 000 ppm, noko som skjer nesten berre ved røykutvikling/brann/eksos eller i lokalar der det er fullstendig mangel på tilført luft.
Sjølv om konsentrasjonen av CO2 syner tilfredsstillande forhold kan ein likevel oppleve dårleg luft. Dette skyldast ofte temperatur og/eller lukt. Lukt kjem vanlegvis frå personar/klede. Ei løysing med å skru opp ventilasjonen vil kunne løyse problemet, men det kan også medføre meir plager med trekk og støy. Ei rask og god utlufting med opne vindauga vil ofte vere den beste løysinga. Om ein opplever dette som eit gjentakande problem vil vi alltids vurdere endringar på ventilasjonsmengda, men ut frå ei vurdering der ein må redusere på ein plass for å auke på ein anna. Vi kallar det å balansere anlegget.
Temperatur
I eit klasserom vil den termiske (temperatur) komfortsona variere mykje frå person til person og det er fleire forhold som verkar inn på dette, sjå figurar nedanfor.
På Høgskulen har ein valt å følgje eit nivå ut i frå tekniske tilrådingar som skal gi dei fleste best mogleg komfort sett i samanheng med aktivitet og påkledning. Operativ temperatur er difor satt til 21 °C i 1 m. høgde. Vanlegvis skal dette være komforttemperaturen til ein som sit ved ein pult/bord kledd i skjorte og bukse m/fottøy. Det betyr att om ein opplever det som kaldt kan det hende att nokre må kle på seg, eller kle av seg om ein då opplever det som varmt.
En skal vere oppmerksam på att det er forskjell på lufttemperatur og operativ temperatur. Den operative temperaturen beskriv korleis ein opplever temperaturen. Eks. om lufttemperaturen er 21°C og ein sit ved eit stort vindauge med overflatetemperatur på 15 °C vil ein oppleve kuldestråling frå vindauget. Den operative temperaturen vil då vere 18°C og det kan forklare kvifor personen frys sjølv om lufttemperaturen skal vere optimal. Tiltaket vil vere å redusere kuldestrålinga eller auke temperaturen på lufta. Utfordringa vil være å imøtekomme dette med dei ulike klimatiske tilhøva i Noreg og lova vektlegg også att ein må ha toleranse for avvik på dette inntil 10 dagar i året.
Om ein opplever dette som eit gjentakande problem vil vi alltids vurdere endringar på lufttemperaturen eller tiltak som redusera ståle-varme/kulde.