Evaluering, rapportering og utvikling

For tilsette

 

God informasjonsflyt og tilbakeføringssløyfer er ein viktig del av kvalitetssystemet, då dette skal bidra til deling av kunnskap, læring og utvikling i organisasjonen. Rapportar og referat frå dei ulike evalueringstiltaka skal vere tilgjengelege for studentar og tilsette på eigna stad i Canvas.

Dersom problemområde blir avdekt og melde vidare i systemet, skal det givast skriftleg tilbakemelding på kva som er gjort/vil bli gjort og kven som har ansvar for oppfølging.

Sjå Rapportar frå emne-/programansvarlege og avdelingane for nærare omtale av rapporterings- og tilbakemeldingsrutinane.