Rapportar frå emne-/programansvarlege og avdelingane

For studentar

 

Følgjande rapportar dannar grunnlaget for dei avdelingsvise kvalitetsrapportane:

Periodisk studieprogramevaluering

Utdanningsutvalet peikar kvart år ut studieprogram på minst 60 studiepoeng som skal ha periodisk studieprogramevaluering. Programansvarleg/studieleiar og dekan har ansvar for å samanfatte ein rapport som skal handsamast i avdelingsrådet. Utdanningsutvalet skal ha rapporten til orientering.

Evaluering av emne (emnerapport)

Emneansvarleg skriv ein kort rapport for kvart emne og sender den til programansvarleg/studieleiar for programmet emnet høyrer til. Emnerapportane kan leggast fram i kvalitetsutvala på studieprogramnivå. Rapporteringa følgjer studieåret.

Evaluering av studieprogram (programrapport)

Programansvarleg/studieleiar skriv ein samlerapport for sitt studieprogram. Rapporten skal sendast til dekan og vere med i grunnlaget for avdelinga si kvalitetsrapport.

Kvalitetsutvalsreferat

Det skal skrivast referat frå møte i kvalitetsutval som skal publiserast for studentar og fagtilsette i Canvas.

Sensorrapport

Ved ekstern sensur skal den eksterne sensoren utarbeide ein sensorrapport som skal sendast til emneansvarleg. Sensorrapporten HVO skal tilby studieprogram som er relevante for arbeid i privat og offentleg sektor, skal vere ein del av grunnlaget for emnerapporten.

Studiebarometeret

Programansvarleg/studieleiar analyserer resultata i Studiebarometeret for sitt studieprogram. Resultata skal leggast fram for studentane og i kvalitetsutvalet på studieprogramnivå. Resultata skal vere ein del av grunnlaget for programrapporten.

Avdelingsvise rapportar om studiekvalitet

Kvar dekan utarbeider for kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av programrapportane. Rapporten følgjer studieåret og skal – etter handsaming i avdelingsrådet – sendast til studiedirektør innan 1. oktober.

Dei avdelingsvise rapportane skal:

  • Gi ei overordna vurdering av kvaliteten i undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga, og eit oversyn over resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet
  • Gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet med grunnlag i dei fem hovudelementa i kvalitetssystemet
  • Identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine

Årsrapport for studiekvalitet

Utdanningsutvalet utarbeidar ein årsrapport om studiekvalitet på grunnlag av:

  • Avdelingsvise rapportar om kvalitetsarbeidet
  • Oppsummering av studiestartundersøkinga
  • Statistikk frå målområda rekrutterings-, informasjons- og studentmottaks-, ramme-, program-, resultat- og relevanskvalitet
  • Resultata frå studiebarometeret for HVO

Årsrapporten skal gi ei samla og overordna evaluering av studiekvaliteten ved institusjonen, og gi eit oversyn over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet.
Årsrapporten skal innehalde framlegg om forbetringstiltak og prioritering av ressursar til dei framlagde tiltaka, og korleis desse skal følgjast opp.

Årsrapporten følgjer studieåret. Den skal leggast fram for høgskulestyret tidsnok til at resultata i rapporten kan innarbeidast i budsjettet og årsplanane for komande år.