Retningsliner og mal for avdelingsrapport

Den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet er eit ledd i kvalitetsarbeidet ved HVO

Den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet er ein viktig del av kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda. Føremålet med avdelingsrapporten er å få fram ulike forhold ved avdelinga, frå dekanen sitt perspektiv, med tanke på utvikling og forbetring. Kvalitetsområda i kvalitetssystemet er særleg viktige i arbeidet med avdelingsrapporten. Kvalitetssystemet finn de her.

 

Om den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet

Kvar dekan utarbeider kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av programrapportane og kvalitetsutvalsrapportane (dersom desse ikkje er innarbeidde i programrapportane). Dekanane får også tilsendt datagrunnlag for si avdeling frå studieadministrasjonen innan 20.august. Studieadministrasjonen tek utgangspunkt i tal frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Rapporteringa følgjer studieåret og avdelingsrapporten skal – etter handsaming i avdelingsrådet – sendast til studiedirektør innan 15. september. Deretter går rapporten vidare som del av årsrapport for studiekvalitet til Utdanningsutvalet og Høgskulestyret. Resultatet av evalueringane skal gjerast kjent for studentane. 

 

Den avdelingsvise rapporten skal:

•    Gi ei overordna vurdering av kvaliteten i undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga
•    Gi eit oversyn over tiltaka og ei vurdering av kva dei førte til
•    Identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine

 

Mal for utfylling av den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet finn de under.