Retningsliner og mal for emnerapport

Emnerapporten er eit ledd i kvalitetsarbeidet ved HVO

Emnerapporten er ein viktig del av kvalitetssystemet ved Høgskulen i Volda. Føremålet med emnerapporten er å få fram ulike forhold ved emnet, frå emneansvarleg sitt perspektiv, med tanke på utvikling og forbetring. Kvalitetsområda i kvalitetssystemet er særleg viktige i arbeidet med emnerapporten. Kvalitetssystemet finn de på høgskulen sine vevsider.

 

Om emnerapporten

Emnerapporten skal dannast på grunnlag av emneevalueringa frå studentane på emnet, sensorrapporten og eventuelt kvalitetsutval sitt arbeid på emnenivå. Gjennom emneevalueringa skal studentane få gitt tilbakemelding på opplegget for, og gjennomføringa av, emnet. Den emneansvarlege sitt ansvar er å oppsummere tilbakemeldingane og drøfte resultata med studentane og i fagmiljøet. Dette, saman med eventuelle forbetringstiltak, vert formulert i emnerapporten. 


Emnerapporten skal vere med og danne grunnlaget for programrapporten. Emnerapporten skal skrivast av emneansvarleg og publiserast i Canvas, og den kan også leggast fram i kvalitetsutval på programnivå. I tillegg skal rapporten leverast til programansvarleg/studieleiar, instituttleiar og dekan etter kvart avslutta emne. Dette betyr at dersom emnet gjennomførast på haustsemesteret, skal rapporten leverast i desember. Dersom emnet gjennomførast på vårsemesteret, skal rapporten leverast i mai/juni. 

 

NB! Nye emne skal ha ekstern sensur første gong emnet vert gjennomført. 

Mal for utfylling av emnerapport finn de under. Rapporten bør vere på maks tre sider.