Retningsliner og mal for programrapport

Programrapporten er eit ledd i kvalitetsarbeidet ved HVO

Programrapporten er ein viktig del av kvalitetsarbeidet ved Høgskulen i Volda. Føremålet med programrapporten er å få fram ulike forhold ved studieprogrammet, frå programansvarleg/studieleiar sitt perspektiv, med tanke på utvikling og forbetring. Kvalitetsområda i kvalitetssystemet er særleg viktige i arbeidet med programrapporten. Kvalitetssystemet finn de her. 

 

Om programrapporten

Evaluering av studieprogram skal gi studentar og programansvarleg/studieleiar høve til å gi tilbakemelding om opplegget for, og gjennomføringa av, kvart studieprogram. Denne evalueringa gjeld berre studieprogram på 60 studiepoeng eller meir.


Rapporten byggjer på emnerapportane som inngår i programmet, kvalitetsutvalsreferata, studiebarometeret og statistikkgrunnlag. All evaluering skal danne grunnlag for systematisk analyse og faglege drøftingar. Studieadministrasjonen sender ut statistikkar og informasjon om oppstart av rapporten til 1. september kvart år, med frist for innlevering 1. oktober. Rapporten skal gjerast kjent for studentane og sendast til instituttleiar og dekan. Rapporten dannar grunnlaget for den avdelingsvise rapporten om studiekvalitet. 

Mal for utfylling av programrapporten finn de under.