Lærarutdanningsbarnehagar

Arbeidet med lærarutdanningsbarnehagar tek utgangspunkt i strategidokumentet Lærerutdanning 2025 Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Ein lærarutdanningsbarnehage er ein barnehage som har inngått avtale om partnarskap med barnehagelærarutdanninga.

Det skal vere eit likeverdig partnarskap mellom utdanningsinstutisjon og barnehage, som bygg på eit stabilt og langsiktig samarbeid om kompetanseutvikling, praksisopplæring, forsking- og utviklingsarbeid. Målet er å utvikle og forbetre utdanningskvaliteten for studentane, og styrke kompetanseutvikling i barnehagane gjennom eit likeverdig samarbeid.

Høgskulen i Volda har inngått avtale om partnarskap med Mosmarka barnehage i Ørsta kommune og med Tennfjord barnehage i Ålesund kommune. Partnaravtalen har ei varigheit på fire år, juni 2021- juni 2025.

Avtalen om partnarskap finn du her.

Samarbeid og tiltak

Styringsgruppe: Denne gruppa skal sjå til at måla for samarbeidet vert nådd, og at det er samanheng mellom mål og ressursar. Styringsgruppa blir leia av studieleiar ved barnehagelærarutdanninga Elisabeth Welle. Medlemmar er elles dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, eigar av utdanningsbarnehagane, styrar ved utdanningsbarnehagane og to studentar frå barnehagelærarutdanninga.  

Arbeidsgruppe: Praksiskoordinator og rådgjevar for barnehagelærarutdanninga Hanne Elin Harnes, er leiar for arbeidsgruppa og koordinerer lærarutdanningssamarbeidet for barnehagelærarutdanninga. Medlemmar i arbeidsgruppa er praksiskoordinatorane i barnehagelærarutdanninga, styrar i utdanningsbarnehagane, to representantar for praksislærarane frå utdanningsbarnehagane og ein fagtilsett ved Avdeling for kulturfag.  Arbeidsgruppa skal følgje opp arbeidet med utdanningsbarnehagar gjennom året, og ha fokus på saker som støttar opp om samarbeidet og utvikling av utdanninga og barnehagane. Dei møtast omlag ein gang pr. månad. I møta hausten 2021 har gruppa hatt fokus på revidering og forbetring av praksishefta ved barnehagelærarutdanninga. Dette særleg med tanke på arbeidskrava som skal gjennomførast i praksis. I tillegg arbeidar gruppa med til dømes framlegget til ny praksismodell og utkast til studie og praksisrute. Arbeidsgruppa har hatt fokus på progresjon for leiardagar i praksis, og har utifrå dette laga ny tekst om leiardagar i praksishefta. Framover skal arbeidsgruppa arbeide med progresjon i praksis, hospitering og samarbeid om FoUarbeid. 

Delt stilling: Eit av målbilda i Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene, Lærerutdanning 2025 er at det i løpet av perioden skal opprettast delte stillingar mellom utdanningsbarnehagane og høgskulen. I august 2021 blei det oppretta ei delt stilling for Anniken Eidsvik ved Tennfjord barnehage. 40% ved høgskulen og 60% ved barnehagen. For studieåret 2022/2023 er det inngått ei ny avtale om delt stilling med Anniken, 30% ved høgskulen som inneber undervisning i kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid og arbeid med Rekomp.

Samarbeid om FoU og hospitering: I tillegg til samarbeid om ordinær praksisopplæring blir det arbeida mot eit nært samarbeid mellom dei to utdanningsbarnehagane og Høgskulen i Volda for gjensidig læring og utvikling. Til dømes gjennom kompetanseheving for begge partar gjennom samarbeid om forsking og utviklingsarbeid i barnehagen og hospitering i barnehagen for fagtilsette ved barnehagelærarutdanninga. 

Samarbeid om undervisningsopplegg: Styrar og pedagogar frå utdanningsbarnehagane bidreg inn i undervisninga før praksis, med tema som til dømes Det første møte med praksisbarnehage, Leiardagar i praksis, og Samanheng barnehage og skule. 

 

OM LÆRARUTDANNINGSBARNEHAGANE: