Barnehagelærarutdanning bachelorstudium deltid over fire år (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda har dei siste åra jamleg starta opp deltidsutdanning over fire år. Deltidsmodellen vår er likt bygt opp med den arbeidsplassbaserte modellen. I denne modellen samlar vi studentane til vekesamlingar i Volda seks gangar kvart studieår, i tillegg er det undervisning via konferansesystemet Zoom ein fast dag kvar veke. For deltidsklassen som starter opp studieåret 2020/2021 er undervisninga lagt til Ålesund og til Volda, med undervisning to faste dagar kvar veke. 

Deltidsmodellen vår har i det første studieåret to kunnskapsområde med 20 studiepoeng kvar. Det er Barns utvikling leik og læring og Samfunn, religion, livssyn og etikk. I det andre studieåret har vi to meir praktiske kunnskapsområde. Det er Kunst, kultur og kreativitet med 30 studiepoeng og Natur, helse og rørsle med 20 studiepoeng. I tredje studieår har vi Språk, tekst og matematikk med 30 studiepoeng, Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid med 15 studiepoeng. I fjerde studieår har vi ei valbar fordjuping på 30 studiepoeng om hausten, og så avsluttar vi med bacheloroppgåva på 15 studiepoeng om våren. 

Det er 100 dagar praksis fordelt på fire år slik: 25 dagar første studieår, 30 dagar andre studieår, 40 dagar tredje studieår og 5 dagar fjerde studieår.

Modell barnehagelærarutdanning -deltid

 

 

For meir informasjon sjå i studiekatalogen vår.