MOSO - Mentoring and Observation Software
I praksisrettleiing i lærarutdanninga, pendlar studentane mellom tre relaterte aktivitetar:
• undervisning
• observasjon
• rettleiing
Samspelet mellom desse aktivitetane er avgjerande for kvaliteten i rettleiinga. Det same gjeld samspelet og kommunikasjonen mellom høgskule og praksisskular i praksisperioden. Moderne teknologi gir nye moglegheiter for samspel og kommunikasjon i praksisperiodane, ved at studentar, praksislærar og basisgruppeleiar enkelt kan dele informasjon, observasjonar og tilbakemeldingar mellom seg. Dette kan bidra til å styrke kvaliteten i praksisrettleiinga.
MOSO er ei programvare som integrerer planlegging, observasjon og rettleiing. I MOSO kan praksisgruppa bruke tekst, bilete eller video for å observere og gi tilbakemeldingar.
For å sikre heilskap, samanheng og progresjon, skal MOSO brukast på denne måten:
- Studenten lagar og publiserer undervisningsplanen sin.
- Medstudentane og rettleiaren gir respons på planen.
- Studenten bearbeider og gjer ferdig undervisningsplanen.
- Medstudentane og rettleiaren bruker tekst, bilete og video i observasjonane sine medan studenten underviser.
- Studenten førebur seg før rettleiinga ved å gå gjennom observasjonane/”feeden”, og analyserer
og reflekter over det som er observert. - Studenten, medstudentane og rettleiaren deltek i rettleiingssamtalen med eigne synspunkt, vurderingar og refleksjonar.
MOSO er under kontinuerleg utvikling i samarbeid med brukarane, og vi er difor avhengige av tilbakemeldingar. Meld frå direkte til MOSO eller til kontaktperson ved høgskulen dersom de har forslag til endringar eller oppdagar feil i programvara.
Tips til pedagogisk bruk av MOSO
Planlegging og tilbakemelding på planar
- Planlegging av ein time er det enklast å gjere ved å logge inn på MOSO via PC eller Mac
- Bli einige om eit fast oppsett for “Tittel”. Til dømes: Fag - klasse - time - dato - namn på lærar
- Gi tilbakemeldingar/kommentarar til andre si planlegging, både i form av tekst, video og bilete
Undervisning og observasjon
- Minn kvarandre på å følge arbeidsflyten i MOSO. Endre aktivitetsstatus frå «planned» til «observation» og frå «pause» til «finished»
- Kva bør ein dokumentere?
- Ta korte videoopptak (30-60 sek). Leit etter noko interessant eller gjer opptak av det de har blitt einige om eller som medstudenten har bedt om at blir observert
- Vel ut 10 min i løpet av timen der du observerer konsentrert
- Ta fleire bilete frå ein undervisningstime (med mobil/nettbrett) og vel til slutt ut eitt bilete som fortel noko viktig
- Prøv å kommentere slik:
- Beskriv: “Du gir beskjeden munnleg og skriv han samtidig på tavla.”
- Fortolk: “Det gjer du for å unngå at det blir uklart for elevane korleis dei skal arbeide.”
- Vurder: “Det er hensiktsmessig, særleg med tanke på at korleis elevane reagerte då dei opplevde noko som uklart i førre time.”
- Kommenter på andre sine kommentarar medan du observerer
- Ta eit bilete og skriv ein kommentar til
Rettleiing
- Gå kronologisk igjennom timen frå start til slutt
- Bruk videoen, bileta og kommentarane som er lagt inn under observasjonen aktivt
- Diskuter også om det er noko som skjer i løpet av timen som vanlegvis ikkje blir dokumentert i MOSO?