Om MOSO i barnehagelærarutdanninga

MOSO er ei programvare som integrerer planlegging, observasjon, rettleiing og vurdering i praksis. Frå studieåret 2021/2022 tok barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda i bruk MOSO som digitalt samhandlingsverktøy i praksis. I MOSO kan ein bruke tekst, bilde eller video for å observere og gi tilbakemeldingar og rettleiing. Barnehagelærarutdanninga har pr. i dag valt å ikkje nytte bilde eller video. Dersom det skal nyttast, må skjema for samtykke vere signert. Praksislærar (og medstudent) kan gi tilbakemelding og rettleiing knytt til studenten sitt skriftlege arbeid i "plans" og "workspace". Det blei gitt opplæring i MOSO på alle praksisførebuande møte studieåret 2021/2022. Framover har vi opplæring for nye praksislærarar på eige møte før kvar praksis tek til. 

I praksisrettleiing i barnehagelærarutdanninga pendlar studentane mellom desse relaterte aktivitetane:

  • planlegging/gjennomføring/evaluering
  • observasjon
  • rettleiing

Samspelet mellom desse aktivitetane er avgjerande for kvaliteten i rettleiinga. Det same gjeld samspelet og kommunikasjonen mellom høgskule og praksisstad i praksisperioden. Moderne teknologi gir nye moglegheiter for samspel og kommunikasjon i praksisperiodane, ved at studentar, praksislærar og oppfølgingslærar enkelt kan dele informasjon, observasjonar og tilbakemeldingar mellom seg. Dette kan bidra til å styrke kvaliteten i praksisrettleiinga.

MOSO er studenten sitt digitale reiskap for å arbeide konstruktivt i praksisperioden, der studenten samlar alle planar, observasjonar, tilbakemeldingar med meir som  utgangspunkt for refleksjon mellom student, praksislærar og oppfølgingslærar. Studenten inviterer medstudentar, praksislærar og oppfølgingslærar inn i sitt skriftlege arbeid i MOSO.
Den formelle vurderinga forgår også i MOSO, og innhaldet kan ligge til grunn for vurderinga. Praksislærar gir all skriftleg tilbakemelding i MOSO. Det er oppretta eige skjema for vurdering av praksis i MOSO. Desse skal både student og praksislærar fylle ut, før dei blir digitalt signert. Studentane eksporterer dei også til pdf, og laster dei ned. 

For å sikre heilskap, samanheng og progresjon, kan MOSO brukast på denne måten: 

  1. Studenten lagar den didaktiske planen i MOSO (bruk gjerne malen som ligg i MOSO, "BLU-didaktisk plan"), og gir tilgang til praksislærar (og medstudent).
  2. Rettleiar (og eventuelt medstudent) gir respons på planen.
  3. Studenten bearbeider og gjer ferdig planen etter tilbakemelding.
  4. Rettleiar (og medstudent) kan bruke tekst (bilde og video) i observasjonane sine medan studenten gjennnomfører arbeidskrav, eller i tilbakemelding i etterkant av gjennomføringa. 
  5. Studenten førebur seg til etterrettleiing ved å gå gjennom observasjonane/tilbakemeldingane, og analyserer og reflekter over det som er observert.
  6. Studenten og rettleiaren deltek i rettleiingssamtalen med eigne synspunkt, vurderingar og refleksjonar om gjennomføringa. 

Organisering av innhaldet i MOSO:

  • "Plans"
    • Arbeidskrav
      • Didaktiske planar og dagsplan/oversikt for leiardagar
  • «Workspace» (arbeidsflater):
    • Rettleiing (1,5t. pr. veke)
      • Rettleiingsgrunnlag og referat
    • Observasjonar
    • Logg/prosjektlogg
    • Arbeids- og møteplan
      • Sakliste og referat frå ulike møter

Studenten må sikre at innhaldet i MOSO ikkje er opplysningar som er i strid med teieplikta. Innhaldet skal vere anonymisert. Dersom ein er i tvil, vurderer praksislærar og student saman om noko må bli tatt ut. Derom bilde og video blir nytta, må skjema for samtykke vere signert. 

Sjå også brukarmanual MOSO, erfaringsbaserte tips og råd, her