Overflytting

Informasjon om barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda finn du her.

Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga seier i §3: «De to første studieårene skal ha en enhetlig oppbygging som muliggjør mobilitet etter andre studieår.[…]». Det vil seie at dersom du har fullført 1. og 2. år gir det grunnlag for overflytting til annan høgskule frå og med 3. studieår.

Dersom du vil søkje overflytting til Høgskulen i Volda, må du sende søknad om dette på eige søknadsskjema. Sjå lenger nede.

Før du sender søknad om overflytting, gjer vi merksam på at dersom du får tilbod om overflytting, gjeld følgjande vilkår:

- du må ha fullført og bestått alle eksamenar og praksis (75 dagar) knytt til 1. og 2. studieår, og du må sende dokumentasjon på dette ved semesterslutt (karakterutskrift).

- høgskulen du no studerer ved kan ikkje ha reist skikkasak mot deg (jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning).

- du må levere ny politiattest til Høgskulen i Volda ved studiestart (jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning, kap. 6).

 

Høgskulen gjer òg merksam på følgjande i samband med overflytting:

- høgskulen tek atterhald om oppstart av studium (fordjuping) med omsyn til søkjartal på studietilbodet og ressurssituasjonen ved høgskulen.

- det er den institusjonen som har flest studiepoeng som skal skrive ut vitnemål, du bør derfor søkje om førehandsgodkjenning til den institusjonen dette gjeld.

 

Korleis søkje overflytting:

Bruk søknadsskjema som du finn her

Søknadsskjemaet kan fyllast ut elektronisk, men du må ta utskrift og underteikne søknaden.

 

Du må legge ved karakterutskrift på fullførte emne og praksis.

 

Søknaden skal sendast per post til:

Studieleiar BLU

Høgskulen i Volda

Postboks 500

6101 Volda

 

Eller bruk digital postkasse (Digipost):

Om du vil sende søknaden til Høgskulen i Volda via Digipost, finn du oss ved å skrive inn «Høgskulen i Volda» eller organisasjonsnummer 974809672 i mottakarfeltet inne i Digipost.

 

Søknadsfrist: 1. mars.

 

Kontakt

 

Studieleiar: Elisabeth Welle