Praksis i barnehagelærarutdanninga

Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda. Alle delar av utdanninga skal førebu studenten på barnehagelæraren sine oppgåver, og vi legg stor vekt på eit nært samarbeid mellom praksisbarnehagen, studentar og oppfølgingslærar ved høgskulen.

Eit mål for praksis i barnehagelærarutdanninga er at studentane skal utvikle den profesjonelle identiteten sin, og at dei gjennom planlegging, leiing og evaluering av leiardagar, pedagogiske aktivitetar, prosjekt og utviklingsarbeid får utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar.

Det er administrasjonen i barnehagelærarutdanninga som organiserer og koordinerer praksis, og som inngår avtalar med barnehagane som skal ta imot studentar. Vi har fleirårige samarbeidsavtalar med 51 barnehagar og eittårige samarbeidsavtalar med omlag 50 barnehagar kvart studieår. Studentane skal få erfaring med praksis i ulike barnehagar, store og små, kommunale og private, i tillegg til erfaring med ulike aldersgrupper. Studentane skal i løpet av studiet erfare variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til barna i barnehagen. Også når det er studentar i praksis skal barna si kjensle av tryggleik og omsorg vidareførast. Det er viktig at studentar i praksis skal arbeide for at det er ein samanheng mellom barnehagen sin årsplan og innhaldet i arbeidet som studentane skal gjennomføre i praksis.

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre 100 dagar praksis. I løpet av praksis skal studentane oppleve ein progresjon både i høve til oppgåver og arbeidskrav. Arbeidskrava vert stadig meir komplekse og i vurderinga av studenten vil det bli kravd stadig meir. Studentane skal ha ei avsluttande vurdering etter kvart studieår med karakteren stått eller ikkje stått, saman med tilbakemeldingar og framovermeldingar frå praksislærar. Tilbakemeldingane og framovermeldingane skal hjelpe studenten til å sjå samanheng mellom praksis og teori, samanheng mellom dei ulike kunnskapsområda, og bidra til læring og personleg utvikling for studenten.

Praksisperiodane er integrert med kunnskapsområda, det vil seie at læringsutbytta i praksis skal henge saman med læringsutbytta i kunnskapsområda.


Vi viser til emneplanar for praksis og eige canvasrom for praksis for utfyllande informasjon om gjennomføring, rettleiing og vurdering av praksis.