Spørsmål og svar om PPU

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium, som kvalifiserer deg til å verte lærar. Studiet skal, mellom anna, gjere deg i stand til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring. Dei praktisk pedagogiske utdanningane ved Høgskulen i Volda er styrt av nasjonale forskrifter og retningslinjer.

Kva slags studieretning passar meg?

PPU allmennfag

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er først og fremst for deg som har tatt ei fagutdanning med skulerelevante fag, og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte lærar innan allmenne fag på ungdomssteget eller i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for arbeid på mellomsteget. Høgskulen i Volda tilbyr PPU for allmenne fag både som campusbasert heiltidsutdanning på eitt år, og som samlingsbasert, nettstøtta deltidsutdanning over to år. Du må ha:

- Mastergrad og minimum 60 undervisningsrelevante studiepoeng innan eit av desse fagområda: norsk, musikk, samfunnsfag, framandspråk, religion, livssyn og etikk, naturfag eller matematikk.

 - Eller med praktiske estetiske fag og minimum bachelorgrad, og minst 120 studiepoeng i eit av fagområda: kroppsøving, mediefag og kunst og håndverk. 

 

Les meir om utdanningane her:

PPU allmennfag, heiltid

PPU allmennfag, deltid

PPU yrkesfag

Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag er først og fremst for deg som har tatt ei yrkesretta utdanning og som no ynskjer å kvalifisere deg til å verte yrkesfaglærar i vidaregåande skule. Utdanninga kvalifiserer også for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgre utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for. Du må ha:

- Treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning (eks. sjukepleiar eller ingeniør), og minst to år med relevant praksis etter fullført utdanning. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæring.

- Eller fagbrev eller annan fullført yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Det er i tillegg krav om generell studiekompetanse, to år med yrkesteoretisk utdanning og minst fire år med relevant praksis- inntil to års læretid vert rekna som ein del av relevant praksis.

Les meir om denne utdanninga her: PPU yrkesfag, deltid

Søking og søknadsprosess

Korleis søke?

PPU opptaket opnar for søking 1. februar og har søknadsfrist 15. april. 

Rundt midten av juni kjøres opptaket og vi sender ut tilbodsbreva. Merk at all korrespondanse med tilbod og svar registrering skjer elektronisk.

PPU har lokalt opptak. Du finn meir informasjon om korleis søkje her: https://www.hivolda.no/opptak

Kva er opptakskrava til PPU allmennfag?

Opptakskrava er regulert i desse forskriftene:

PPU for allmenne fag: https://lovdata.no/forskrift/2015-12-21-1771/§6 

PPU for yrkesfag: https://lovdata.no/forskrift/2013-03-18-289/§5

Les meir om rangering av søkarane til PPU i retningsline for opptak på PPU allmennfag. Merk at søkjarane verte i tillegg rangert på grunnlag av gjennomsnittskarakter frå relevant undervisningsfag i opptaksgrunnlaget.

Dokumentasjon

Kva type dokumentasjon er det krav om?

Ulike studium krev ulik dokumentasjon. Les meir om dokumentasjon og korleis du kan sende den inn  her.

 

Dokumentasjonskontroll, kva er det?

Studentar har plikt til å vise fram originaldokumentasjon på oppmoding, jf. forskrift om opptak, studier og eksamen ved Høgskolen i Volda § 3-7 (7). Kvart år kontrollerer vi tilfeldige studentar.  Dei som blir plukka ut får beskjed om dette på e-post. Det er viktig å vere klar over at det er du sjølv som har ansvar for at all din dokumentasjon er rett. 

Dersom du ikkje leverer originaldokumentasjon innan oppgitt frist, kan du miste studieplassen din. Forfalsking av dokumentasjon vert ramma av Straffelova § 361 første ledd, bokstav a og b, og vil alltid bli meldt til politiet.

Realkompetanse

Kva er realkompetanse?

All kunnskap du har skaffa deg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonsarbeid, kurs eller på annan måte.

Kven kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse?

Alle som er 25 år eller eldre i opptaksåret og som ikkje har generell studiekompetanse.

Er fullført grunnskule nok skulegang i tillegg til relevant praksis?

Nei, du må minimum ha fullført eitt år med vidaregåande skule. Relevant praksis kan til dømes være assistent i barnehage for opptak til barnehagelærer, men derimot praksis som frisør er lite relevant til same utdanning.

Kor mykje praksis må eg ha?

Minimum 5 år med skule og/eller yrkespraksis. Av dette må minimum 3 år vere relevant praksis i den retninga du søkjer. 

Søknadsweb

Du har fleire mulege måtar å logge seg på Søknadsweb. Dersom du har studert ved Høgskulen i Volda dei siste åra, kan du logge på via Feide - med brukarnamnet og passordet som du nytta når du studerte her.

Har du ikkje studert her tidlegare, kan du logge på med ID-porten. Her kan velje om du vil nytte MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Du vel metode for innlogging til høgre i påloggingsvindauga. 

Velg innloggingsmetode

Er det muleg å få fritak frå fag?

Nei, sjølv om du skulle ha lang praksis som ufaglært lærar gir det ikkje fritak med mindre du har fått innpassing av tidlegare utdanning. Innpassing må du søke spesielt om etter at du har fått opptak og takka ja.

Andre spørsmål

Kvar kan eg jobbe?

PPU for allmenne fag kvalifiserer til arbeid på mellomsteget (frå 5. klasse) og ungdomssteget i grunnskulen, på vidaregåande skule og i vaksenopplæringa.

PPU for yrkesfag er primært for undervisning på yrkesfag i vidaregåande skule, men kvalifiserer frå 8. klasse.

Du kan lese meir om krav for tilsetjing og kompetansekrav for lærarar på Udir sine sider.

Korleis fungerer praksis i studiet?

På PPU-heiltid er det 6 veker praksis om hausten og 6 veker om våren - totalt 60 dagar. På deltid er det 6 veker praksis kvart studieår, totalt 60 dagar. 

Det er også muleg å ta delar av praksisen i utlandet, ved kulturskuler, folkehøgskuler eller andre relevante opplæringsarenaer. Dette gjerast i samråd med praksisansvarleg ved PPU.

Er det studieavgift på PPU-utdanninga?

Nei, det er ingen studieavgift på PPU, men du må betale ordinær semesteravgift, på lik linje med andre studentar ved Høgskulen.

Retningslinjer og kompetansekrav

PPU er styrt av nasjonale forskrifter og retningslinjer. Her kan du lese

Nasjonale retningslinjer for PPU yrkesfag trinn 8- 13

Nasjonale retningslinjer for PPU allmennfag trinn 8 - 13

Vil du vite meir om kompetansekrav til lærarar, sjå på Utdanningsdirektoratet sine sider: 

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/saksbehandling/larerkompetanse/

Kontakt

Har du fleire spørsmål om PPU er du velkomen til å ta kontakt med ein av oss; 
Kathrine Skarseth, studieleiar, epost kathrine.skarseth@hivolda.no tlf 70 07 51 29
Torstein Drabløs, praksiskoordinator, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52
Carien Lærum, praksiskoordinator, epost carien.laerum@hivolda.no tlf 70 07 53 97

 

Spørsmål om opptak rettes til sok@hivolda.no eller ring Studentsørvis tlf 70 07 50 00 mellom kl. 08.00 – 15.30 (15.00 frå 15.05).